Lettare å få gjestar enn nye tilsette
Reiselivet melder om større pågang enn i fjor på sommarbooking, men slit med å skaffe tilsette. Det kan gi gode moglegheiter for unge som vil inn i bransjen.
Med utsikter til nokre svært hektiske sommarferieveker er hotell – og mange andre i reiseliv og servering – avhengig av å bemanne kraftig opp. Men det er lettare sagt enn gjort, så lenge det er innreisestopp for tilsette frå utlandet.
– Vi er avhengige av tilsette frå utlandet, så det er ein vanskeleg situasjon. Per no slit vi med å få tak i kokkar og servitørar som vi treng frå midten av juni, fortel hotelldirektør Benthe Langeland ved Storfjord Hotel.
Ho kryssar difor for at reglane blir lempa på frå slutten av mai.
Vanskeleg å rekruttere nordmenn
Hotelldirektøren påpeiker at dei gjerne vil ha norsk arbeidskraft, men at det er vanskeleg å rekruttere nordmenn til bransjen. Med stort behov for fleire folk, kan det likevel vere tidenes moglegheit for unge som treng sommarjobb.
– Det trur eg så absolutt, og det gjeld ikkje berre for oss på Storfjord, men dei fleste hotella i Norge, legg Langeland til.
Ho meiner arbeidstidene i hotell- og serveringsbransjen er den største utfordringa for å rekruttere norsk ungdom.
– Spesielt ein del hotell som ligg utanfor dei store byane har eit stort behov for arbeidskraft framover, legg ho til.
(saka held fram under)
Brems etter nytt smitteutbrot
Våren som Storfjord Hotel har opplevd, er beskrivande for korleis situasjonen har skifta – igjen, for reiselivsnæringa.
Før påske starta aktiviteten å ta seg opp att, før eit smitteutbrot med utgangspunkt i Ålesund igjen stakk nye kjeppar i hjula for bransjen, med skjenkeforbod og skjerpa smitteverntiltak.
Dermed var det ny stopp i bestillingane, og dei siste vekene har møteverksemd og det meste av selskap har vore utelukka.
God trykk på sommarbookingar
Heldigvis er det god trykk på bookingane for besøk i sommar. Nivået på bestillingane ved Storfjord ligg over fjoråret, men framleis under nivået frå 2019.
– Vi har trua på at det blir ein god sommar med besøk av norske turistar frå midten av juni til midten av august. Etterpå håpar vi det kjem nokre internasjonale gjestar mot hausten, fortel Langeland.
(saka held fram under)
Både hotell, ein del restaurantar og aktivitetsselskap har problem med å rekruttere, og utfordringa er dei stengte grensene
Tøffe tider i reiselivet
Nær éin av fire verksemder innan handel- og tenestenæringa meiner dei først til neste år vil vere tilbake på aktivitetsnivået dei var før virusutbrotet.
Det gjelder spesielt bedrifter innan kultur, restaurant og servering, reiseliv, trening og hotell, overnatting og konferanse.
Meir enn fire av ti bedrifter har eit bookingnivå som ligg «betydeleg lågare», enn i eit normalår. Nesten like mange bedrifter har likviditetsproblem.
(kjelde: Virke/NHO Reiseliv)
Fleire er tidlegare ute enn i fjor
Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre stadfestar at dei får meldingar om tilsvarande opplevingar som ved Storfjord.
– Både hotell, ein del restaurantar og aktivitetsselskap har problem med å rekruttere, og utfordringa er dei stengte grensene, fortel han til NETT NO.
Også destinasjonsselskapet får melding om at bestillingane for sommaren har teke seg opp – og at ein ventar ein ny sommar med norske gjestar. Skrede fortel at gjestane i år er tidlegare ute med å bestille, enn i fjor.
– Ein del fekk kanskje ikkje gjort det dei aller helst hadde lyst til i fjor, og startar planlegginga tidlegare i år, trur Skrede.
Nivået på bestillingane er over fjoråret, men likevel under 2019, stadfestar reiselivssjefen.
(saka held fram under)
Har halde på dei tilsette til nyopning
Ikkje alle hotell har problem med å bemanne opp. I Ålesund sentrum står snart Silje Viken Skarlund klar til å ta i mot sine tilsette når Thon Hotel Ålesund opnar 30. juni.
Hotellet har gjennomgått første del av ei total oppussing og opnar i sommar med nye gjesterom, ny restaurant og resepsjon.
– Vi har vore heldige og stort sett halde på alle våre tilsette gjennom renovasjonsperioden. Nesten alle våre tilsette kjem tilbake, så vi er godt rusta til å opne vårt flotte hotell, fortel Skarlund til NETT NO.
(saka held fram under)
Også Thon-direktøren fortel om «godt driv» i bestillingane for sommaren, og at ho har tru på ein god sommarsesong.
Ny konferansedel og dei resterande gjesteromma vil stå ferdig i løpet av hausten. Då får hotellet 400 senger på 175 gjesterom og en kurs- og konferansekapasitet på 300 personar.
Publisert: 14.05.2021 05:55
Sist oppdatert: 14.05.2021 07:08