Ålesund vandrerhjem facebook skjermdump 11
TVANGSAVVIKLA: Facebook-sida til Ålesund Vandrerhjem er framleis aktiv, men det siste innlegget er ei melding om at dei legg ned drifta. Skjermdump: Facebook.,com/alesundhostel
Nytt

Ber om konkurskarantene for drivar av vandrarheimar

«Ikkje innafor», erkjenner styreleiar og eigar, som sjølv er største tapar i tvangsavvikling.

Marius Rosbach
25.05.2021

Bustyrar Jahn Waage Aurdal har innstilt på konkurskarantene for styreleiar og eigar Einar Arne Aasestrand i samband med konkursbehandlinga for Hellesylt Motelldrift i Møre og Romsdal tingrett.

Det har ikkje vore drift i selskapet dei siste åra. Firmaet blei tvangsoppløyst i fjor. Nyleg blei selskapet sletta og bubehandlinga innstilt, fordi det ikkje var midlar til å dekke kostnadene med vidare arbeid.

Bustyraren meiner forretningsførselen tilseier at Aasestrand bør få konkurskarantene.

Det betyr at han ikkje kan ta på seg nye roller i forretningslivet. Advokaten ber ikkje om at konkurskarantenen skal gjelde for allereie eksisterande roller.

Eg har ikkje noko problem med å forstå at jobben som er gjort, ikkje er innafor
Einar Arne Aasestrand

Ser mønster i fleire selskap
Bustyrar Jahn Waage Aurdal viser i sluttberetninga for tvangsavviklingssaka for Hellesylt Motelldrift, til manglande føring av rekneskap og manglande samarbeid med bustyrar.

Han viser også til drifta av selskapet Ålesund Vandrerhjem, der det ikkje er levert rekneskap i krav med lova. Også dette selskapet er tvangsoppløyst og sletta. Bubehandlinga blei innstilt i april.

Bustyraren ser difor eit mønster som har gått føre seg i fleire år i fleire selskap. Konklusjonen er at det er skjellig grunn til å mistenke Aasestrand for fleire straffbare handlingar, og saka er meldt til politiet.

Vil ikkje motsette seg karantene
Styreleiar og eigar Einar Arne Aasestrand seier til NETT NO at han ikkje vil motsette seg karantene.

– Eg har ikkje noko problem med å forstå at jobben som er gjort, ikkje er innafor, fortel han.

Hellesylt Motelldrift dreiv tidlegare ein brakkerigg i samband med at fleire entreprenørselskap hadde tunnelarbeid i regionen. Etter at Sparebanken Møre for nokre år sidan sa opp sitt engasjement, blei gjelda til banken gjort opp.

Tapte eigne pengar
Då lånte Aasestrand 700.000 til selskapet av eigne midlar i eit forsøk på å løyse utfordringane.

– Slik sett er det eg som er den største taparen i dette, seier han.

Det har ikkje vore drift i dette selskapet sidan 2018. På det tidspunktet var firmaet blitt eit driftsselskap med leigeavtale med Hellesylt Vandrerhjem.

Aasestrand fortel at prosjektet blei utsett og at dette bidrog til at selskapet fekk økonomiske problem.

Slutt i Parkgata etter 22 år
Etter å ha drifta Ålesund Vandrerhjem sidan 1996, måtte dei ut av lokala i Parkgata sommaren 2018.

– Meininga har vore å starte opp ein ny vandrarheim i Ålesund, men så har prosessen av ulike årsaker stoppa opp. Tide har ikke strekt til, og vi har ikkje klart å følge opp slik vi trudde, fortel Aasestrand.

Underskot i Bodø
Aasestrand er óg involvert i utleigeverksemd via Norhostel i Ålesund og dotterselskapet Bodø Vandrerhjem. Aasestrand er dagleg leiar i selskapa og eig halvparten av selskapa.

Begge selskapa fekk i midten av mai varsel om tvangsoppløysing, men Bodø-selskapet leverte tysdag førre veke rekneskapen for 2019 som viste eit lite underskot.

Aasestrand legg ikkje skjul på at økonomien i selskapet er blitt tøffare etter at dei også hadde eit underskot på nær 2,2 millionar i 2018. Men han påpeiker at det er teke grep for å betre situasjonen.

2018-rekneskapen er det siste som er levert frå Norhostel, men Aasestrand fortel at 2019-rekneskapen vil bli levert i løpet av kort tid. 2018 enda med eit lite overskott etter ei omsetning på 2,4 millionar.

Involvert i fleire selskap
Aasestrand er også styreleiar og deleigar i Miljø-Partner. Selskapet har planar om drift innan miljøsanering og handtering av avfall.

Han er óg dagleg leiar i Åsestrand Agentur, og styreleiar i same selskap, i tillegg til å vere styreleiar i Speiderbutikken.

Publisert: 25.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 25.05.2021 01:31

Mer om