Koronaforseinka iskremprodusent
Produksjonskapasiteten er framleis ein trang flaskehals for Storfjord Iskrem.
Selskapet har flytta inn i nye og større produksjonslokale i Stordal, men manglar framleis nokre maskiner for å kunne ta den nye produksjonslina i bruk.
Inntil vidare står dagleg leiar og hovudaksjonær Silje Lee Knutsen og lagar is med mykje manuell arbeidsinnsats.
Håpet var å ha ei ny produksjonsline klar tidlegare i år, med kapasitet til å produsere minst ti gangar meir iskrem enn i dag.
Koronatrøbbel
Ein av konsekvensane av koronaepeidemien er at det har vore vanskeleg for fabrikkane som lagar utstyret til iskremproduksjon å levere utstyret i tide.
Den siste meldinga Knutsen har fått er at ho kan få utstyret som manglar innan to til fem veker.
Når alt er på plass er planen å ha tre tilsette fast i produksjonen i Stordal, i tillegg til ekstra bemanning i høgsesongane.
Kundar på vent
Storfjord Iskrem har distribusjonsavtalar for store deler av Sør-Noreg og Knutsen seier selskapet har kundane klar for iskremen straks produksjonen blir auka.
Knutsen starta iskremproduksjon i eit hjørne av ein tom møbelfabrikk i Stordal i 2018.
Frå bigeskjeft til fulltidsjobb
Dei to første åra var den geitemjølkbaserte isen til Storfjord Iskrem berre å finne på restaurantar, hotell og spesialbutikkar på Nordvestlandet.
Årsaka til at Storfjord Iskrem flytta til nye og større lokale, og investerer i utstyr for å auke produksjone er at grossistselskapet Spesialgrossisten og Coop tidlegare i år blei samde om ein distribusjonsavtale som utvidar salet av Storfjord Iskrem frå Bergen og nord mot Trondheim, i tillegg til Vestfold/Telemark og Oslo.
Storfjord Iskrem as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 0,7 | 0,9 |
Driftsresultat | -0,5 | -0,04 |
Resultat før skatt | -0,6 | -0,1 |
Publisert: 07.09.2021 13:05
Sist oppdatert: 07.09.2021 13:08