Koronakrisa gir digital boelgje i arbeidslivet
DIGITALT: Leiar for sal og marknad Torill Standal Eliassen (t.v.) jobbar no mykje digitalt med kollegaer i Avento. Oppe til høgre er dagleg leiar Stian Bang på dette skjermbilde som viser korleis det kan sjå ut i Teams-løysinga. 
Nytt

Koronakrisa gir digital bølgje i arbeidslivet

Ålesundsfirma fekk kjemperespons på gratiskurs for nettbasert arbeidsverktøy. Forskar trur vi vil sjå varig endring og har råd for korleis ein bør innrette seg.

Marius Rosbach
20.03.2020
Dagane etter at regjeringa innførte strenger restriksjonar for kontakt med andre menneske, har ført til ei oppblomstring i bruken av digitale verktøy i arbeidslivet. Alt frå skular til bedrifter jobbar no i stor grad frå heimekontor.
At interessa for å lære meir er stor, fekk it- og konsulentselskapet Avento i Ålesund erfare då dei la ut tilbod om gratis kurs via nett for møte- og konferanseløysinga Microsoft Teams.
– Det var heilt utruleg respons og folk i mange ulike type yrke som meldte seg på. Vi hadde mange lærarar og andre tilsette i kommunar, men også alt frå kyrkjetilsette og folk frå store bedrifter, fortel Torill Standal Eliassen som leiar sals- og marknadsarbeidet i Avento.

Overraska over interessa

Meir enn 180 deltakarar meldte seg på dei to kursa denne veka. Eliassen innrømm at dei var ein smule overraska over kor populært det var.
– Vi tenkte at det kunne vere vårt vesle bidrag i denne dugnaden vi er oppe i no. Samtidig tenkte vi at interessa kanskje ikkje var veldig stor, og at dette var verktøy folk allereie hadde teke i bruk for lenge sidan, fortel ho.
– Kan det tyde på at arbeidslivet ikkje har vore så flinke til å ta i bruk digitale verktøy, som vi kanskje trur?
– Hehe, ja det kan godt vere. No blir vi tvungne til å vere meir virtuelle og det er «learning by doing», som gjerne viser seg å vere den beste måten å lære på, seier ho.
Framleis tikkar det inn nye påmeldingar – etter at kursa er avslutta, og dei har difor bestemt seg for å køyre fleire kurs framover.

Fleire alternativ og lav terskel

Teams er ein del av Microsoft si Office-pakke, som mange bedrifter nyttar, og som har fleire avanserte funksjonar. Men det ei rekke ulike løysingar. Skype har lenge vore ein favoritt for mange til videosamtalar, medan Google Meet, Zoom og norskutvikla Whereby er andre alternativ.
– Tidlegare måtte ein gjerne kjøpe dyre verktøy, men no er inngangsterskelen lav. Dei fleste har moglegheit til å ta dette i bruk på ein enkel måte, fortel Eliassen.
Ho trur Facebook har auka den digitale erfaringa og kunnskapen blant folk flest. At besteforeldre og barnebarn til dømes har kontakt via Facetime, er ikkje lengre uvanleg.
– Mange brukarar har ikkje vore kjent i det digitale universet før dei kom på Facebook. No har også mange eldre menneske smarttelefon eller nettbrett dei nyttar til å ha kontakt med andre, påpeiker ho.

Les også:



Trur på varig endring

Salssjefen trur erfaringa mange gjer seg i desse dagane når «alle» jobbar frå heimekontor, vil føre til ei varig endring.
– Heilt klart. Vi opplever at det fungerer og at folk klarer å jobbe effektivt. Eg trur det endrar verda til å bli meir digital. Samtidig blir folk meir bevisst på at ting skal vere berekraftig, og vi ser at vi kan gjere mykje utan å flytte på oss, seier Eliassen.
Forskar Nils Brede Moe ved SINTEF er samd og meiner årsaka til at endringane skjer, også har mykje å seie.
– Vi blir tvungne inn i ein praksis for å få arbeidsdagen til å funke, og det er ikkje noko sjefen kjem og ber deg gjere. No verkar folk også motiverte til å vere med på denne dugnaden. At omstillinga skjer i ein slik positiv kontekst, har gjerne meir gjennomslagskraft, og eg trur det kjem til å vare, seier Moe til NETT NO.

Ikkje alt fungerer best på nett

Moe har studert korleis folk jobbar saman via nettet og funne ut at heimekontor kan vere like effektivt som å møtast fysisk på arbeidsplassen.
Mindre forstyrringar er mellom fordelane, men han påpeiker at ikkje alle oppgåver er like eigna til å løysast over nettet.
– Vi ser at slike ting som statusmøter og opplæring fungerer kjempebra. Men det er framleis vanskeleg å løyse komplekse saker via digitale møter, fortel han.

Fleire gode råd

I ein artikkel på torsdag gav Moe råd for korleis ein bør innrette seg for å få ting til å fungere best mogleg når ein jobbar via heimekontor. Gode hovudtelefonar, webkamera og velfungerande internett er avgjerande. Han rår også til å unngå sofaen som arbeidsstad.
Eit anna tips – spesielt om ein er mange som er kopla opp – er å skru ned lyden, slik at ein unngår mykje bakgrunnstøy. i Teams-løsyinga kan ein også gjere bakgrunnen uskarp, om ein sitt saman med andre, eller har rot som ein ikkje ønsker å vise til kollegaer og kundar.
Om ein jobbar frå heimekontor, er det også lurt å vere tydeleg på når ein er kopla på – og ikkje, meiner Moe. Han rår også til å dele litt om kvardagen, og snakke med kvarandre om korleis ein har det.

Viktig å sjå kvarandre

Forskaren er tilhengar av videomøter og meiner det er viktig at ein ser kvarandre. Å berre kommunisere skriftleg kan lettare føre til misforståingar og tilbakemeldingar kan opplevast som kritikk.
Torill Standal Eliassen i Avento skriv under på at det har stor verdi med levande bilde.
– Det gir eit mykje meir levande møte om vi ser kvarandre. Vi har oppdaga at vi faktisk snakkar meir saman no, samtidig som vi er meir effektive når vi jobbar. No tek dei tilsette til dømes kaffipause saman via nettet, fortel ho.

Les meir om konsekvensane av koronakrisa:









Publisert: 20.03.2020 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54