Skogstad spår nedgang i år
Etter fire år på rad på rad med vekst reknar Skogstad-konsernet at inntektene vil falle i år.
Frå 2018 til 2022 auka Skogstad-konsernet driftsinntektene med over 50 prosent, til 194 millionar kroner.
Fritids- og sportskleda til Skogstad Sport fekk vere med på oppturen til bransjen då smitteverntiltaka tvinga folk til å avlyse utanlandsreiser, og heller bruke tid og pengar på tur i heimlandet. Driftsinntektene til selskapet i 2022 er dei høgste selskapet nokon gong har hatt, og lønsemda i 2020 og 2021 var rekordhøg.
No er imidlertid lagra i sportsbransjen store og presset på marginane er større i 2023 enn dei har vore dei siste åra, skriv Skogstad-konsernet i årsmeldinga for 2022.
Mindre kjøpekraft
I tillegg er det uro i marknaden på grunn av verdssituasjonen, generell kostnadsauke og dermed reduserte kjøpekraft hos forbrukarane, ifølgje årsmeldinga.
Konsekvensen er at Skogstad budsjetterer ned inntektsnedgang i år.
Produserer i Kina
Skogstad-konsernet har hovudkontor og distribusjonssentral i Innvik i Stryn. Konsernet har 64 tilsette.
Selskapet var opphavleg ein konfeksjonsfabrikk, men i dag foregår all produksjon hos leverandørar i Kina.
Leveringssituasjonen er stabil og stort sett tilbake til normalen, heiter det i årsmeldinga.
I dag har Skogstadkonsernet fire eigarar, søskena Ann Kristin, Frank og Henning Skogstad eig 30,003 prosent kvar, medan far Anton Per Skogstad eig 9,992 prosent.
Skogstad as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 195,3 | 193,2 |
Driftsresultat | 8,6 | 24,1 |
Resultat før skatt | 6,0 | 23,2 |
Publisert: 27.06.2023 05:00
Sist oppdatert: 26.06.2023 18:36