Skogstad butikk montasje Henning Skogstad foto arkiv skiforbundet 11
KORONAOPPTUR: Pandemien starta med utfordringar for salet av Skogstad-kle, men på veg ut av koronaperioden kan Skogstad-sjef Henning Skogstad sjå tilbake på dei to beste åra i konsernet si historie. Foto: Foto: Ogne Øyehaug/Norges Skiforbund
Nytt

Nytt kjempeår for klessal i Stryn

Både omsetning, overskot og utbytte til nye høgder i Skogstad-konsernet.

Marius Rosbach
01.07.2022

Skogstad-sjef Henning Skogstad fekk rett i at konsernet hadde kursen mot nye rekordar i 2021.

– Om alt går etter planen – som det har gjort så langt i år – trur eg vi får eit nytt rekordår, sa han til NETT NO i fjor sommar.

No er konsernrekneskapen offentleg, som viser at både omsetning og overskot smadra resultata frå det førre rekordåret i 2020.

Supergod lønnsemd
Driftsinntektene for konsernet enda på heile 193 millionar – opp meir enn 40 millionar frå året før (sjå tabell under).

Lønnsemda blei også enno betre enn året før. Eit resultat før skatt på meir enn 23 millionar, gir ein resultatmargin på drygt 12 prosent. Det skyhøgt over nivået konsernet har hatt dei siste ti åra.

Det gode resultatet gjer at eigane tek rekordutbytte på 15 millionar kroner frå morselskapet Skogstad As.

Fleire enn 50 tilsette
Konsernet med hovudkontor i Stryn består av selskapa Skogstad Sport, Skogstad Detalj og Skogstad Eigedom.

Skogstad Sport er klart størst og inneheld butikkane i Nordfjord i tillegg til salet i nettbutikken. Skogstad Detalj inneheld dei andre butikkane. Dei to sistnemnte selskapa hadde ved årsskiftet 56 tilsette – av dei var 48 kvinner.

3. generasjon eigarar
Konsernet er eigd av Henning Skogstad, søskena Frank og Ann Kristin og faren Anton.

Historia strekk seg tilbake til 1937 med firmaet H. Skogstad Konfeksjon. Dagens drivarar er 3. generasjon som leiar bedrifta i Stryn.

Eigenkapitalen er 46,4 millionar, som er hakket meir enn den samla gjelda på 46,1 millionar kroner, ifølgje årsrapporten 2021.

Skogstad (konsern)
Årsresultat (i mill kr)


2021
2020
Driftsinntekter
193,2
150,8
Driftsresultat
24
15,6
Res. før skatt

23,2

14,6

Publisert: 01.07.2022 13:48

Sist oppdatert: 01.07.2022 13:57

Mer om