Skogstad butikk montasje Henning Skogstad foto arkiv skiforbundet 11
REKORDÅR: Fjoråret baud på store utfordringar, men også rekordhøg omsetning og overskot for Henning Skogstad og klekonsernet i Stryn. Foto: Ogne Øyehaug/Norges Skiforbund
Nytt

Superresultat i «kriseåret»

Skogstad-sjefen trur 2021 blir eit nytt rekordår, og vil vurdere å betale tilbake krisehjelp.

Marius Rosbach
28.07.2021

Klesprodusenten Skogstad med hovudkontor i Innvik, leverer eit rekordbra resultat for 2020. Koronaåret blei prega av stengte butikkar og krisehjelp, men også rekordhøg omsetning og overskot.

– Absolutt, svarar Henning Skogstad kontant på spørsmål frå NETT NO om han er nøgd med tala.

– Det var ein dårleg start med stengte butikkar i halvannan månad, men det kom seg utover sommaren og videre utover, legg han til.

Fakta om Skogstad-konsernet

Skogstad-konsernet består av selskapa Skogstad Sport, Skogstad Detalj og Skogstad Eigedom.

Skogstad Sport er klart størst og inneheld dei fire butikkane i Nordfjord i tillegg til salet i nettbutikken. Skogstad Detalj inneheld dei andre butikkane.

Konsernet er eigd av Henning Skogstad, søskena Frank og Ann Kristin og faren Anton.

Historia strekk seg tilbake til 1937 med firmaet H. Skogstad Konfeksjon. Dagens drivarar er 3. generasjon som leiar bedrifta i Stryn.

Om alt går etter planen – som det har gjort så langt i år – trur eg vi får eit nytt rekordår
Henning Skogstad

Trur på nytt rekordår
Skogstad-sjefen fortel at dei ligg godt an til eit nytt bra resultat i år.

– Om alt går etter planen – som det har gjort så langt i år – trur eg vi får eit nytt rekordår, fortel han.

I årsrapporten blir det påpeika at salet i nettbutikken deira har vekse både i fjor og i år. Om det ikkje blir fleire nedstengingar, trur leiinga at også sportsbransjen totalt vil oppleve auke i 2021.

Beste driftsmargin på ti år
Omsetninga i 2020-rekneskapet enda på drygt 150 millionar og driftsresultatet på meir enn 15 millionar (sjå tabell under).

Det gjer at driftsmarginen i Stryn-konsernet er over ti prosent for første gong på ti år.

I årsrapporten blir det understreka at det framleis er ein usikkerheit kring pandemien, men at produksjonen i Kina er satt og at det ikkje er avgrensingar på råvarer eller arbeidskraft i 2021.

(saka held fram under)

Skogstad (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 150,8 127,8
Driftsresultat 15,6 3,9
Res. før skatt 14,6 2,6

Utbytte og koronastøtte
Det gode fjorårsresultatet gjer at Skogstad-familien tek ut 4,25 millionar i utbytte.

Samtidig har Skogstad-selskapa fekk til saman kring 270.000 kroner i kontantstøtte for sviktande omsetning i mars månad i fjor.

– Utbytte og koronastøtte har vorte eit omdiskutert tema: Har dokke vurdert å betale tilbake støtta?

– Eg har tenkt på det, og vil ta det opp til vurdering i leiargruppa, svarar Henning Skogstad, som påpeiker at krisehjelpa er gått til butikkane - som gjekk i minus i fjor.

Han påpeiker at pandemien framleis skapar usikkerheit. Seinast i januar/februar måtte dei ha to butikkar stengt, og søkte ikkje om støtte for desse tapa.

Nordfjord-butikkane gjer det bra
Fjoråret baud på store utfordringar og permitteringar av dei tilsette då butikkane måtte stenge som følgje av koronarestriksjonane.

I årsrapporten blir det lista opp ein rekke andre tiltak som blei gjennomført – som utsetting av skatt og avgifter, sikre innkjøp for 2020 og likviditetslån gjennom den statlege garantiordninga.

Skogstad-sjefen fortel at Nordfjord-butikkane, som ligg i Innvik, Stryn, Nordfjord og Olden, likevel klarte seg godt i fjor.

– Desse fire lokale butikkane har gått bra, fortel han.

Skogstad har også eigne butikkar i Drammen, Førde, Harstad, Kristiansund, Lillehammer, Sandefjord, Lom, Lørenskog og utanfor Bergen.

Publisert: 28.07.2021 05:55

Sist oppdatert: 28.07.2021 00:23

Mer om