Kostnadsmell for fylkeskommunen
Ekstrarekning på 235 millionar for dyrare buss, båt, ferje og vegar.
Fylkestinget i Møre og Romsdal fekk presentert det som blir omtalt som ein «svært alvorleg økonomisk situasjon» av fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime måndag.
Det skjedde under opninga av politikarane sitt økonomiplanseminar i Geiranger.
Sjå direktesending frå fylkestinget (ekstern lenke)
Prisvekst på samferdsel og kollektiv
Det som har verka inn mest på økonomien, er ein sterk prisvekst – mellom 10 og 20 prosent – på buss-, båt-, ferje- og fylkesvegkontraktar. Den er foreløpig berekna til ei kostnadsauke på 235 millionar kroner.
- Det må vi finne handlingsrom for å dekke, sa Seime til politikarane ifølgje ei melding på fylkeskommunen si heimeside.
Prisvekst på investeringar, auka renteutgifter var også bakgrunnen til at ho la fleire forslag på bordet.
Vil utsette investeringar og omstille
I tillegg til innsparing på drifta – i første rekke samferdsel, vil Seime utsette alle investeringar som ikkje er sett i gong, eller inngått kontrakt på – og sette i gong eit nytt omstillingsprosjekt for 2024-2026.
Forslag til økonomiplan 2023-2026 med budsjett blir lagt fram ein av dei første dagane i november.
I 2021 hadde fylkeskommunen eit netto driftsresultat på 392 millionar kroner, som var langt høgre enn budsjettert.
Publisert: 17.10.2022 11:34
Sist oppdatert: 17.10.2022 11:40