Tvilar på berekraftsatsing i Møre og Romsdal
Bråket rundt Norsk Berekraftsenter gjer at Kari Aina Eik tvilar på at United Cities går inn som medeigar.
SISTE: Fylkestinget utsette berekraftsenter
United Cities skal gå inn som 25 prosent eigar i selskapet Norsk Berekraftsenter, ifølgje saksframlegget frå fylkesadministrasjonen. Det er ikkje sikkert.
«Etter den siste ukens begivenheter er det svært usikkert om vi blir med på en eventuell satsning i fremtiden her i fylket i det hele tatt, dvs. aksjeselskap og andre ting er ikke aktuelt nå i denne sammenhengen og vil ikke bli etablert i Møre og Romsdal.»
Det skriv dagleg leiar Kari Aina Eik i United Cities i ein e-post til NETT NO tysdag. 21 juni.
United Cities skal etter planen gå inn som 25 prosent medeigar i Norsk Berekraftssenter, saman med mellom andre fylkeskommunen ifølgje saksframlegget frå fylkesadministrasjonen, som er datert 13. juni i år.
Les saksframlegg, vedlegg og vedtak i fylkesutvalet frå 20. juni 2022 her.
Misnøgd med sakshandsaminga
Eit samrøystes fylkesutval i Møre og Romsdal vedtok mandag denne veka ei innstilling til fylkestinget om å utsette spørsmålet om fylkeskommunen skal gå inn med inntil to millionar kroner i eigenkapital , og medverke til å etablere selskapet Norsk Berekraftsenter as.
Fylke og kommunar skal ifølgje framlegget eige inntil 25 prosent av Norske Berekraftsenter.
Grunngjeving for å utsette saka frå politikarane som heldt innlegg i fylkesutvalet - frå alle parti med unntak av Arbeidarpartiet - var at saka var for dårleg opplyst frå administrasjonen.
Eitt krav frå fylkesutvalet for at saka kan leggast fram på nytt, er at det er gitt tilsegn om etablering frå interessentar som representerer minst 75 prosent av aksjekapitalen i Norsk Berekraftsenter.
Reagerer på pressedekning
Eik reagerer på pressedekninga av sakshandsaminga og planen om å etablere Norsk Berekraftsenter.
«De siste dagene gått med på å prøve å redde en god ide og visjon som har blitt «omstridt» selskap av Sunnmørsposten og som er 100 % negativt rettet. Utrolig synd, mest for de utrolig fine folka her oppe som ønsker å ta en aktiv rolle i bærekraftarbeidet», skriv Eik i eposten.
Vil utsette saka
United Cities er i dag ei foreing som er i ferd med å bli omdanna til eit aksjeselskap. Planen er at dei skal inn på eigarsida i det nye selskapet, ifølgje saksframlegget frå fylkesadministrasjonen.
Omtalen av sakshandsaminga og planen om å etablere Norsk Berkraftsenter, har gått ut over interessa for å investere, ifølgje Eik.
«Organisasjonen vår er finansiert av SDG impact fund CITIES | SDG Impact Fund som er et av verdens største fond på bærekraft, de forvalter i dag ca. 130 mrd. kroner som fordeles på viktige bærkraftstiltak. United Cities er hovedprosjektet til SDG impact fund innenfor by og kommuneutvikling. Midler fra her hadde også kommet et evt. Bærekraftssenteret i Norge/MR til gode men dette er nå også høyst usikkert. Ingen ønsker jo å være del av et «omstridt» selskap.», skriv ho i eposten.
Samordne berekraftarbeidet
Norsk Berekraftsenter skal ifølgje framlegget mellom anna medverke til å samle og samordne innsatsen fylkeskommunen og kommunane gjer for å få til det det som bli kalla ei berekraftig utvikling.
Det omfattar mellom anna den såkalla framtidslaben i Ålesund, og regionutviklingsselskapet The North West. Planen er at selskapet The North West blir avvikla, dei tilsette blir overført til det nye selskapet og verksemda vidareført der.
Ideen om Norsk berekraftsenter er utvikla i eit samarbeid mellom Ålesund, Molde og Kristiansund og Møre og Romsdal fylkeskommune saman med United Cities, NHO, The North West, NTNU og Augmentcity.
Opp i kontrollutvalet
Det som først fekk ein del fylkespolitikarar til å stille spørsmål om sakshandsaming var fylkeskommunen si involvering i eit anna selskap, ratingselskapet R8me as.
R8me as skal drive rating av bedrifter ut frå berekraftkriterium.
Der kjøpte selskapet Fylkeshuset ut halvparten av aksjane i R8me frå ein fylkeskommunalt tilsett til fem millionar kroner, mellom anna basert på ei verdivurdering som byggjer på R8me sine eigne opplysningar.
Fylkeshuset er eit eigedomsselskap som leiger ut kontor til fylkeskommune, med fylkeskommunen som majoritetseigar.
R8me arbeider framleis med utviklingsarbeid, med mål om kommersiell lansering frå årskiftet, ifølgje selskapet.
Publisert: 22.06.2022 08:59
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:24