Kort fortalt

Fylkeskommunen med stort overskot

Netto driftsresultat på 392,6 millioner kroner.

05.04.2022
Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2021 eit netto driftsresultat på 392,6 millioner kroner, som er langt høgare enn budsjettert.

Senterpartipolitikar Kristin Sørheim seier til NRK Møre og Romsdal at det kjem godt med og at fylkeskommunen står overfor store og naudsynte investeringar i tida som kjem.

Årsaka til det store overskotet i er i hovudsak høgare skatteinntekter.

Publisert: 05.04.2022 13:56

Sist oppdatert: 05.04.2022 13:57

Mer om