Kraftig auke i sparing og aksjekundar
STOR INTERESSE: Både Iselin Giskeødegård i Nordea og Trond Moldskred i Sparebanken Møre merkar stor interesse frå privatkundar som vil spare og plassere pengar. 
Nytt

Kraftig auke i sparing og aksjekundar

Nordea har stor pågang frå folk som vil spare meir under koronapandemien, og talet på aksjekundar har dobla seg i Sparebanken Møre.

Marius Rosbach
26.01.2021

Medan nokre har fått trongare økonomi som følgje av koronapandemien, har mange fått meir pengar å rutte med. Det merkar også bankane på Nordvestlandet.

Både Iselin Giskeødegård i Nordea og Trond Moldskred i Sparebanken Møre fortel om den same utviklinga med at fleire sparar større summar.

– Koronaen rammar veldig ulikt. Nokre har fått ein meir vanskeleg økonomi som følgje av at dei er permitterte, eller har mista jobben. Men dei fleste har fått ein meir romsleg økonomi, fortel Iselin Giskeødegård som er banksjef for Nordea på Nordvestlandet.

Trenden har vore aukande over fleire år – men skaut fart i fjor. Både ho og Moldskred peiker på utsiktene til låg rente over lengre tid, som ei hovudårsak til at folk tek meir aktive val for å få avkastning på pengane sine.

– Mitt heilt grunnleggande råd er å spare eit fast beløp i månaden, og ha eit langsiktig perspektiv, seier Trond Moldskred.

Auke på ein firedel sidan mars i fjor
Tal frå Nordea viser at verdien på sparemidlane til kundane i nordvest, auka med 25 prosent frå mars 2020 til januar i år.

Begge bankane har hatt ei auke i talet på kundar med fast spareavtale i månaden, og 42 prosent av dei spurte på Vestlandet seier dei vil spare meir i år enn i fjor, ifølgje ei undersøking Nordea har fått utført.

Fleire enn før sparar i fond, og spesielt aksjefond. Auka bevisstheit kring kva folk kan rekne med å få i pensjon, er også ein trend som Giskeødegård trur berre blir sterkare framover.

Råda avhenger av formålet
Banksjefen i Nordea fortel at råda frå dei avhenger av kva som er formålet med sparinga.

– Alle må finne den spareforma som passar best for dei når det gjeld tidshorisont og risikovilje. Men historia har vist at ein ved å spare i aksjefond heilt klart vil oppnå meir over tid, fortel ho.

Ein tommelfingerregel er at ein 30-åring bør velje fondsparing med 70 prosent aksjedel, medan ein 70-åring bør ha maksimalt 30 prosent aksjar i si fondssparing.

Ho legg til at banken også anbefaler å ha ein bufferkonto, slik at folk til dømes kan kjøpe ny vaskemaskin utan å ta opp kredittlån.

«Grøn bølgje» også hos forbrukarane
Ein anna betydeleg endring i løpet av fjoråret, er viljen hos folk til å velje berekraftig. Då Nordea spurte kundane sine ved starten av fjoråret, svarte 20 prosent at dei ville spare berekraftig, og på slutten av året var talet oppe i heile 65 prosent.

– Det er kjempegøy at folk vil ta ansvar på den måten og vere med å påverke gjennom sparepengane sine, fortel Giskeødegård.

Trond Moldskred som er assisterande banksjef i Sparebanken Møre si avdeling for aktiv forvalting, merkar også den «grøne bølgja».

– Vi får stadig fleire spørsmål om grøne aksjar og fond frå både småspararar og større investorar. Det er ein trend som er sterk, og som vi trur vil vare, fortel han til NETT NO.

– Kan vere høgt prisa
Verdien på aksjane hos mange selskap som blir forbunde med det grøne skifte, har skote i veret den siste tida. Eit døme er dotterselskapet til Hexagon Composites, hydrogenselskapet Hexagon Purus, som berre sidan midten av desember har dobla seg i verdi.

– Vi fortel kundane våre at dei må vere bevisste på at også desse aksjane kan svinge i verdi. Nokre selskapa kan vere høgt prisa, og det ikkje er alle som vil lukkast, understrekar Moldskred.

Sjølv om aksjemarknaden det siste året har opplevd store svingingar, er han ikkje i tvil om at sparing i ein eller anna form for aksjar, vil gi best avkasting over tid.

Meir enn dobbelt så mange aksjekundar
Porteføljen som Moldskred si avdeling forvaltar har dobla seg frå tre til om lag seks milliardar sidan 2016. Avdelinga handterer kundar som investerer meir enn ein million kroner, og har hatt ein årleg kundevekst på 10-15 prosent dei siste åra.

At «mannen i gata» også har oppdaga moglegheitene til å handle i enkeltaksjar, er det ingen tvil om.

Talet på slike kundar har auka jamt dei siste åra, men i fjor eksploderte interessa. Moldskred sine tal viser ei auke i nye aksjekundar på meir 120 prosent frå 2019 til 2020.

Moldskred merkar samtidig at behovet for auka kunnskap er stort, og at mange opplever at dei veit for lite om korleis dei skal gå fram.

– Det gjeld både korleis ein skal sette saman investeringane, og korleis ein kjem i gong. Difor blir dette eit satsingsområde for banken framover, seier han.

Les også: Kraftig auke i bruk av gjeldsordningar

Fleire har problem med å betale bustadlån

Merker koronabrems i næringslivet

Største utlånsvekst sidan før finanskrisa

Suksess for første runde med Investormatch


Nokre har fått ein meir vanskeleg økonomi som følgje av at dei er permitterte, eller har mista jobben. Men dei fleste har fått ein meir romsleg økonomi

Publisert: 26.01.2021 09:03

Sist oppdatert: 09.03.2022 12:59