Gunnar Larsen Hav Group Skjermbilde foto Hav Group
AKSJENEDTUR: Hav Group-sjef Gunnar Larsen er optimistisk etter starten på 2024, men tala han la fram i dag blei ikkje godt mottatt i aksjemarknaden.
Nytt

Kraftig kursfall etter 2023-resultat

Både inntektene og lønsemda fall i fjerde kvartal 2023, men Hav Group trøystar seg med god start på 2024.

15.03.2024

Hav Group gjekk i minus i fjerde kvartal i fjor, akkurat som i tredje kvartal.

"Vi leverer i tråd med guidingen vår, men vi hadde åpenbart foretrukket å presentere sterkere finansielle tall for andre halvår 2023. Når det er sagt har vi nylig vunnet flere viktige kontrakter som forventes å ha en positiv effekt på kapasitetsutnyttelsen vår fremover. De maritime megatrendene støtter oss og derfor har vi fortsatt et optimistisk syn på fremtiden" seier konsernsjef Gunnar Larsen í Hav Group i børsmeldinga.

Les børsmelding her

Ein grunn til underskotet er at Hav Group har oppretthalde kapasiteten for å handtere veksten selskapet har venta seg, og 2024 har starta godt, med skipsdesign- og utstryrskontrakt for eit vindkraftserviceskip til Esvagt og designkontrakt for fire sjølvstyrte ferjer over Sognefjorden.

Kursfall
Aksjekursen i Hav Group fall markert då børsen opna i dag.

Klokka 09:44 var fallet 13,89 prosent samanlikna med sluttkurs i går, til 9,30 kroner aksjen. Det er på sam nivå som kursen var ved starten av 2024.

Årets toppnotering er 12,70 kroner aksjen, i slutten av januar i år. Selskapet vart børsnotert i mars 2021. Då var kursen 15,50 kroner aksjen.

Nye kontraktar
"Det har vært en oppmuntrende start på 2024. Jeg er spesielt godt fornøyd med at vi blir valgt til å gjennomføre innovative prosjekter som kan bane vei for nye nullutslippsteknologier, som den ammoniakkdrevne brønnbåten eller de autonome fergene som skal operere Lavik-Oppedal. Disse avtalene bekrefter evnen vår til å lose maritim næring gjennom en nødvendig grønn omstilling", seier Larsen i børsmeldinga.

Hav Group omfattar fire datterselskap; Hav Design (skipsdesign) , Norwegian Electric Systems (design og levering av styringssystem for heilt eller delvis elektrisk framdrift på skip) , Hav Hydrogen (design av system for bruk av hydrogen som enegiberar på skip) og Norwegian Greentech (rensesystem for ballastvatn).

Hav Design var det største datterselskapet i fjor, med 245 millionar kroner i driftsinntekt og 50 millionar kroner i resultat før skatt. Det er ein auka frå 151 millionar kroner i driftsinntekt i 2022, og Hav Design er det einaste datterselskapet som auka inntekten frå 2022 til 2023.

Norwegian Electric Systems hadde 215 millionar kroner i driftsinntekt og minus 14 millionar kroner før skatt. Norwegian Greentech hadde 155 millionar kroner i driftsinntekt og minus 4,1 millionar kroner i resultat før skatt. Hav Hydrogen hadde 0,5 millionar kroner i driftsinntekt og minus 8,7 millionar kroner i resultat før skatt.

Sævikfamiliens selskap Havila Holding er største aksjonær i Hav Group, med 24,97 prosent av aksjane. I tillegg eig familiemedlemane tilsaman 10,7 prosent av aksjane gjennom eigne selskap.

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NettNo.

Hav Group ASA

Pr. 4. kvartal. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt617,1621,8
Driftsresultat-0,82,0
Resultat før skatt1,24,3
Hav Group ASA
4. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt113,5126,5
Driftsresultat-23,2-20,7
Resultat før skatt-25,7-18,0

Publisert: 15.03.2024 09:50

Sist oppdatert: 15.03.2024 10:00

Mer om