Fjord1 Lavik opedal Tersan 11
SOGNEFJORDEN: De fire ferjene skal trafikkere Sognefjorden frå hausten 2026. Fjord1 har forplikta seg til eit samarbeid med Hav Group for teknologien om bord. Illustrasjon: Fjord1
Nytt

Fjord1 bygger fire ferjer i Tyrkia

Pris og kapasitet gjorde at det var uaktuelt å byggje i Norge, fortel reiarsjefen.

Marius Rosbach
27.02.2024

Tysdag slapp Fjord1 nyheita om at dei har signert ein avtale med Tersan Shipyard om å bygge fire nye ferjer ved verftet i Tyrkia.

Det dreiar seg om nullutsleppsferjer som skal bli drifta med høg grad av automasjon.

Avhengig av rask levering
Ferjen skal inn i sambandet Lavik-Oppedal over Sognefjorden allereie frå 1. september 2026.

Kravet om leveringstid på knappe halvanna år, var avgjerande for at Fjord1 valde å gå til det tyrkiske verftet, fortel Fjord1-sjef Dagfinn Neteland til NETT NO.

– Det blir ein rask prosess og vi skal ha dei i drift frå september 2026. Det er ingen verft i Norge som har kapasitet til å bygge ein slik serie med ferjer i dette tidsrommet, seier han.

Framleis «betydeleg» prisskilnad
I tillegg til kapasiteten hos norske verft, spelar naturleg nok prisen inn. Og skilnaden mellom norske og tyrkiske verft er framleis «betydeleg», ifølgje Neteland.

– Om det hadde vore kapasitet ved norske verft, kan det likevel vore eit alternativ å bygge i Norge, men slik situasjonen er no, var det ei enkelt beslutning, seier han.

Neteland fortel at Fjord1 ikkje har fleire konkrete byggeplanar, men at det raskt kan bli det, om dei vinn nye anbod.

– No skal vi først bygge disse fire ferjene, også ønsker vi sjølvsagt å vinne fleire kontraktar framover, legg han til.

Hav Group er teknologipartnar
Det var i januar det blei kjent at reiarlaget sikra seg avtalen på ferjesambandet med Statens vegvesen.

Fjord1 har også forplikta seg til Hav Group som teknologipartner og nøkkelleverandør for det nye ferjekonseptet. Ein rekke operasjonar som til vanleg blir gjort manuelt, skal no gjerast av teknologien.

– Implementering av automatiseringsfunksjonar og autonome system, inkludert autocrossing og autodocking vil skje i 2027, medan autonom navigasjon vert implementert i 2028, heiter det i meldinga frå Fjord1 tysdag.

Publisert: 27.02.2024 13:40

Sist oppdatert: 27.02.2024 13:43

Mer om