Kleven soksmal Gulating lagmannsrett Tomislav Debeljak Karl Rosen foto Karoline
HØG TIMEPRIS: Advokat Karl Rosén (t.v.) og kollegaene i advokatfirmaet Arntzen de Besche har levert dei høgaste timeprisane i søksmålet mot Tomislav Debeljak (t.h.). Drygt 6100 kroner per time er kravet – som motparten har stilt seg kritiske til. Foto: Karoline Prytz Berset
Nytt

Krav på over 21 millionar etter 11 dagar i retten

Den samla advokatrekninga etter Kleven-konkursane blir høg. Buet meiner motparten er for grådig.

Marius Rosbach
31.01.2025

Advokatane som har jobba med søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet, vil ha godt betalt etter rettssaka som har gått i Gulating lagmannsrett i Bergen dei siste vekene. 

Kravet frå advokatane i søksmålet etter verftskonkursane, viser eit samla krav på drygt 21,6 millionar kroner.

Det viser dei førebelse oppgåvene for saksomkostningar i saka. 

Advokatane til den saksøkte Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg har levert krav på høvesvis kring 1,3 millionar og 12,8 millionar kroner – til saman kring 14,1 millionar kroner. 

Kravet frå konkursbuet sine advokatar etter dei 11 dagane i retten er kring det halve - nær 7,84 millionar kroner. 

Kleven Debeljak fv Jonas Nikolaisen Bjorn Age Hamre Morten Valen Eide Filip Truyen foto Paula Zwolenski
KRITISKE: Advokat Filip Truyen (t.h.) frå Wikborg Rein var kritisk til storleiken på kravet frå motparten i søksmålet som har gått føre seg i Gulating lagmannsrett. Foto: Paula Zwolenski

Anka etter frifinning i tingretten
Debeljak, som er eigar av kroatiske Div Group, tok over Kleven-verftet i 2020. Etter få månader enda det tradisjonsrike skipsbyggjarverksemda i skifteretten. 

Konkursbuet har saksøkt Debeljak for drygt 135 millionar for tapa Kleven-selskapa, som dei meiner kom som ein følgje av verftseigaren sin oppførsel. 

Etter at Debeljak blei frifunnen i Hordaland tingrett, anka buet saka til lagmannsretten. Ankesaka blei avslutta onsdag denne veka. Dom i er venta i løpet av nokre veker. 

Meinte kravet er «unødvendig høyt» 
Konkursbuet sin advokat, Filip Truyen, meinte kravet frå dei saksøkte sine advokatar var «unødvendig høyt» då han omtala saksomkostningane på siste dag i retten. 

Han viste til at konkursbuet før ankesaka skifta ut advokatane frå Simonsen Vogt Wiig, som representerte buet i tingretten. I lagmannsretten er det Wikborg Rein som fører saka for konkursbuet. 

Truyen meinte deira krav måtte vere det maksimale summen retten burde vurdere å dekke, ettersom dei saksøkte sine advokatar frå Arntzen de Besche allereie kjente saka frå tingretten. 

Om lagmannsretten følgjer buet sin argumentasjon risikerer med andre ord dei saksøkte å få dekka berre kring halvparten av kravet. Tingretten kutta salærkravet frå dei saksøkte betydeleg i førre runde. 

Kritisk til timeprisane
Tidlegare i saka har konkursbuet sine advokatar refsa motparten sin pengebruk. I retten var advokat Truyen var også kritisk til timeprisane til motparten. 

Oppgåvene som er levert til retten viser at Arntzen de Besche opererer med ein timepris på meir enn 6100,- kroner for dei best betalte advokatane. 

Dei høgste timeprisane frå advokatfirmaet Wikborg Rein er på 5300 kroner for arbeidet dei har gjort for konkursbuet. 

Forsvara kostnadene
Dei saksøkte sin advokat Eivind Landmark Tandrevold forsvara i retten storleiken på sakskostnadene og meinte det ikkje var grunn til å redusere desse. 

Tandrevold viste til at det har teke tid å hente inn nye bevis. Han la også til at motparten sine vitne, ikkje ville samarbeide i forkant av saka. 

– Det er deira fulle rett, men det gjer også at det blir mange seine kveldar undervegs, la han til. 

Dei saksøkte sine advokatar har tidlegare omtala konkursbuet sine saksførebuingar som lettvint, og meiner det utløyste behov for eigne undersøkingar av saka frå deira side. 

Kring 4000 dokument i saka
Saksomfanget har vekse til kring 4000 dokumentsider, og begge partane har i løpet av rettssaka vore kritiske til fleire av den andre sida sine sokalla provokasjonar – der det er bedt om ulike bevis.

Dommar Arild Oma i lagmannsretten ga partane frist til 5. februar med å levere dei siste kostnadene då saka blei avslutta. 

Det gjeld mellom anna for hotell og opphald i Bergen dei tre vekene saka gjekk for retten. 

Publisert: 31.01.2025 14:34

Sist oppdatert: 31.01.2025 14:42

Mer om