Kostnadene i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet blei igjen tema under ankesaka i Gulating lagmannsrett.
Tysdag avslutta konkursbuet sitt innleiingsforedrag, der dei har saksøkt kroaten Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg for tap Kleven-selskapa då desse gjekk konkurs i 2020.
Påstanden i lagmannsretten blei tysdag nedjustert med drygt 400.000 kroner frå tingretten, til knappe 135,6 millionar kroner.

Buet: «Ukritisk kostnadsbruk»
I sin avslutning kom advokat Filip Truyen inn på kostnadene frå motparten, som også tidlegare har hausta kritikk i tingretten.
Buet sin advokat gjekk i rette med korleis forsikringsavtalen blei tolka. Han meiner motparten forsøker gjere kravet «verdilaust» ved det han omtala som «ukritisk kostnadsbruk».
Tryg meiner mellom anna at forsikringsavtalen er avgrensa – og at det må gjerast frådrag for både eigne og Debeljak sine sakskostnader og renter.
– Ein kan ikkje prosedere heilt utan vert, og seie at «ædda bædda», no spiser vi opp forsikringssummen, så sjølv om dokke vinn, er det ikkje noko igjen, sa Tryuen i sitt innleiingsforedrag.
Dei saksøkte sin advokat Karl Rosén ville tysdag ikkje svare Nett No på spørsmål om korleis dei stiller seg til kritikken frå buet. Han viste i staden til at dei kom tilbake til dette seinare i saka.
Tingretten kutta advokatrekning
I tingretten la Debeljak og forsikringsselskapet sine advokatar på bordet ei rekning på nær 15 millionar kroner. Kravet som buet sine advokat omtala som «hinsides», blei kutta til kring 9,4 millionar.
Dei saksøkte har på si side vore kritiske til konkursbuet sine saksførebuingar, og at dei sjølv har vore nøyd til å legge ned eit betydeleg arbeid for å kaste lys over saka.
I sluttinnlegget til ankesaka skreiv Debeljak sine advokatar at det var naturleg at deira utgifter var betydeleg høgare enn buet, og at dei bør få dekka alle sakskostnader.
Er gjort fleire forsøk på forlik
Då saka var oppe i tingretten oppmoda dommaren partane til å vurdere eit forlik.
Forlikt har ikkje vore tema i lagmannsretten, men bustyrar Bjørn Åge Hamre stadfestar tysdag at det er gjort forsøk på ulike tidspunkt.
– Slik er det alltid i ei slik sak. Det er ikkje noko spesifikt utover at det er gjort nokre sonderingar, seier han til Nett No.
Motparten sin advokat Rosén ville tysdag først rådføre seg med sin klient før han svara på spørsmål om forlik.
Tomislav Debeljak sjølve svara ikkje direkte på spørsmålet om forsøk på forlik i før ankesaka starta, men opplyste til Nett No at dei alltid hadde foreslått konstruktive løysingar.
NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
Publisert: 14.01.2025 14:56
Sist oppdatert: 14.01.2025 20:04