Ekornes produksjon foto Ogne
EFFEKTIVISERER: Færre modellar og variantar skal bedre lønsemda til Ekornes-konsernet. Arkivfot: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekornes kuttar modellar

Skal effektivisere produksjonen. Ingen planar om fleire nedbemanningar.

29.08.2023

Ekornes-konsernet har allereie bestemt seg for å slutte å produsere utemøblar.

Stressless-sofaen som var ein del av spisestuemøblementet er også ute. Utover hausten står fleire modellar og variantar for tur, fortel konstituert konsernsjef Fredrik Ødegård Nilsen i Ekornes.

I dag har Ekornes 20-25 ulike Stressless-modellar, som er hovudproduktet til konsernet. Kvar modell har fleire variantar av stoff og huder, og ulike soklar og bein.

Å redusere talet på modeller og/eller variantar vil mellom anna gjere slepp å binde opp like mykje kapital i form av råvarer på lager, og kan produsere i større seriar.

Ødegård Nilsen seier mengda modellar og variantar har bygd seg opp over tid og at selskapet har lansert nye modellar/variantar utan å samstundes ta vekk eldre modellar.

Færre tilsette
I koronaåra auka Ekornes arbeidsstokken for å greie å ta unna den store etterspørselen. I fjor haust merka selskapet at marknaden hadde snudd og i oktober 2022 varsla Ekornes om den første nedbemanninga.

Ny vekst i Asia-tilsette
Samstundes med at tilsette i Noreg miste jobben starta Ekornes også nedbemanning i Asia, der møblane under varemerket IMG blir produsert.

Produksjonen i Vietnam vart lagt ned og samla i Thailand. Selskapet gjekk frå 3314 tilsette i Asia i tredje kvartal 2022 til 2610 i første kvartal 2023. No er talet på tilsette i Asia oppe i 2719 igjen, ifølgje Ødegård Nilsen.

Neste runde i Noreg kom i januar, då Ekornes kutta arbeidsstokken med 180, dei fleste på Nordvestlandet. I dag har Ekornes-konsernet 1073 tilsette i Noreg. I overkant av 1000 av dei arbeider i Sykkylven eller på Grodås.

Ødergård Nilsen seier nedbemanning i januar vart gjort ut i frå eit vurdering av korleis salet ville utvikle seg framover, slik at selskapet skulle sleppe fleire rundar, og det i dag ikkje er planar om fleire nedbemanningar.

Publisert: 29.08.2023 14:35

Sist oppdatert: 29.08.2023 14:37

Mer om