Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11 2021 04 21 142058 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TAPER TILLIT: Tiltrua i aksjemarkanden til Atlantic Sapphire har blitt mindre etter fleire hendingar i sommar og haust. Biletet viser anlegget ved Miami i Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Kurskollaps for Atlantic Sapphire

Det landbaserte oppdrettselskapet er mindre verdt enn ved børsnoteringa i 2018.

16.09.2021

Brannen i Atlantic Sapphire sitt oppdrettsanleg gi Danmark gjekk hardt ut over aksjeverdien i dag.

Atlantic Sapphire blei dagens store tapar på Oslo Børs, med ein kursnedgang på 22,5 prosent, til 36,35 kroner per aksje.

Det er mindre enn selskapet blei verdsett til då det blei tatt opp til notering på Oslo Børs i mai 2018. Da var kursen 47 kroner per aksje. På topp vart selskapet handla til 148 kroner per aksje.

Dagens kurs verdset selskapet til 3,3 milliardar kroner.

Fisken går tapt
Atlantic Sapphire ventar at fisken i anlegget går tapt på grunn av skadene etter brannen som braut ut onsdag kveld.

Anlegget er forsikra for 33 millionar dollar, men det hindra ikkje kursfallet i dag.

Motbør
Då selskapet la fram halvårsrapporten sin 26. august vart investorane uroa over meldinga om at selskapet var usikker på forsyningssituasjon for oksygen til hovudanlegget, som Atlantic Sapphire har under bygging ved Miami i USA. Der er den første fisken utplassert, og oksygen er kritisk for å kunne halde den i live.

Aksjekursen stupte frå 75,4 til 50,2 kroner per aksjen.

I ei seinare melding forsikra Atlantic Sapphire om at oksyngensituasjone var under kontroll, men utan at det slo særleg positivt ut for kursen.

11. juli melde selskapet om tekniske problem i Danmark, der 400 tonn laks gjekk tapt. Det førte til eit kursfall frå 87 til 74,6 kroner per aksje.

Publisert: 16.09.2021 16:39

Sist oppdatert: 16.09.2021 18:54

Mer om