Atlantic sapphire danmark foto atlantic sapphire 11
HVIDE SANDE: Anlegget til Atlantic Sapphire i Danmark er råka av brann. Hovudanlegget til oppdrettsselskapet ligg i Florida, USA. Foto: Atlantic Sapphire.
Nytt

Brann i oppdrettsanlegg

Meir dårleg nytt for Atlantic Sapphire - og aksjekursen går vidare ned.

Marius Rosbach
16.09.2021

Onsdag kveld begynte det å brenne i oppdrettsanlegget til Atlantic Sapphire i Danmark.

Ingen tilsette vart skadd under brannen, men oppdrettsselskapet rekna med at fisken går tapt, ifølgje ei børsmelding seint onsdag.

Aksjen stupte frå start
Då handelen ved Oslo Børs opna torsdag, stupte aksjekursen. Ved 9.40-tida var nedgangen på kring 23 prosent.

Aksjeverdien til selskapet med hovudkontor i Vestnes, har fått hard medfart dei siste månadene. Sidan starten av sommaren er børsverdien halvert.

Reknar med store skader
Leiinga opplyser i meldinga at dei reknar med at heile anlegget blir påverka og at skadane blir betydelege.

Lokalt brannvesen opplyste til danske Ekstrabladet natt til torsdag, at det ville ta flere timar å sløkke brannen.

Kring 40 personar var evkuert som følgje av brannen. På det tidspunktet, kunne brannvesenet ikkje seie noko om kvifor det starta å brenne.

Er fullforsikra
I morgontimane opplyser Jyllands-politiet på Twitter at røken var på eit minimum og at sløkkearbeidet hadde god effekt.

Dei rekna likevel med at sløkkinga ville gå føre seg vidare utover dagen.

Selskapet opplyser at anlegget er fullforsikra til ein verdi av 33 millionar amerikanske dollar.

NETT.NO følgjer saka

Publisert: 16.09.2021 08:09

Sist oppdatert: 16.09.2021 09:44

Mer om