Oslo børs
Kursfall: På ein dag der aksjekursen i dei fleste børsnoterte selskapa på Nordvestlandet gjekk opp var Hexagon Composites og Hexagon Purus blant dei største børstaparane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kursras for Hexagon-selskap

Investorane likte ikkje at avtale blei avlyst.

25.05.2022

Hexagon Compositets og Hexagon Pursus blei høvesvis nest største og tredje største tapar på Oslo Børs i dag, på ein dag der hovudindeksen steig 1,42 prosent.

Natt til i dag melde Hexagon Purus at ein potensiell avtale om å levere batteripakkar for 10 milliardar kroner ikkje blir noko av.

Reaksjonen i det aksjehandelen på Oslo Børs opna i dag var eit kursfall på over 20 prosent. Så ille blei det ikkje til slutt, men Hexagon Purus er no verdsett til 8,1 milliardar kroner - ein milliard mindre enn for eitt døgn sidan.

Sidan Hexagon Composites eig 73,29 prosent av aksjane i Hexagon Composites fall kursen kraftig også for Hexagon Composites.

Hexagon Composites sin aksjepost i Hexagon Pures er no verdsett til 5,9 milliardar kroner på børsen. Hexagon Composites er verdsett til 6,4 milliardar. Det betyr at aksjeposten i Hexagon Purus utgjer storparten av verdien av Hexagon Composites.

Hexagon Composites lagar tankar og -sytem for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, Hexagon Purus gjer det tilsvarande for hydrogen.

Hexagon Composites er etablert og går i pluss. Hexagon Purus er framleis eit selskap i ein tidleg fase, med små inntekter og minusresultat, men på børsen er det det selskapet som er mest verdt av dei to.

I den motsette enden av skalaen er offshoreiarlaget Havila Shipping, som la fram 1. kvartalsrapport i dag. Den viste auka driftsinntekter og eit sterkt krympa underskot samanlikna med 1. kvartal i fjor.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 9,32 10,95 %
Nortel 18,7 7,47 %
Atlantic Sapphire 24,5 5,33 %
Golden Energy Offshore Services 2,04 4,62 %
Smartcraft 15,9 4,33 %
Hav Group 15,48 3,89 %
Endúr 0,563 2,74 %
Statt Torsk 2,31 1,76 %
Hofseth Biocare 3,95 1,54 %
Havyard Group 8,9 1,37 %
Havila Kystruten 18,65 1,08 %
Arctic Bioscience 15,5 0,00 %
Salmon Evolution 8,7 -0,34 %
Sparebanken Møre 79 -1,85 %
Hexagon Purus 31,42 -10,79 %
Hexagon Composites 31,56 -12,19 %

Publisert: 25.05.2022 17:05

Sist oppdatert: 25.05.2022 17:06