- Dette er noko drit for alle partar, men det må dessverre gjerast.
- Konsernet blør pengar, og om vi ikkje tek grep no, så vil vi alle saman gå ned med flagget til topps.
Dette seier driftssjef Tor Inge Dale i Solstad Farstad.
- Mange tok det svært tungt. Vi har ytterlegare ein representant frå konsernleiinga til stades, i tillegg til at vi har på plass bedriftshelsetenesta, seier Dale.
Totalt vert det tilbake berre rundt 15 stillingar i Ålesund etter at 37 stillingar no vert kutta. Det er inkludert 10 oppseiingar som tidlegare er varsla.
No kan også dei siste arbeidsplassane verte flytta frå dei nye Farstad-lokala til ein annan stad i Ålesund.
- Lokala vi har i Ålesund i dag er store og relativt dyre, så vi ser no på andre løysingar, seier Dale.
I Fosnavåg går ein frå 21 årsverk til 17 årsverk. Sju personar mister jobben.
Dagleg leiar Nils-Christian Nørvåg seier at dei sju vart informerte i går kveld, slik at dei fekk ein dag å førebu seg på før dagens allmøte.
- Dette er flinke folk, der fleire har jobba i over ti år for Rem Offshore, og seinare i Solstad Farstad-systemet. Alle synst dette er leit og trist, men vi vil prøve å hjelpe dei berørte så godt vi kan.
- Nei, vi har fått garantiar på at det skal vere ein lokalitet i Fosnavåg for Farstad Solstad, og det er dette vi har forhalde oss til heilt sidan Solstad kom inn på eigarsida.
- Vi har prøvd å gjere ein så god jobb som muleg, og meiner at det er den beste måten å sikre arbeidsplassane på. Vi har også fått tilbakemeldingar på at leiinga er godt nøgde med drifta her.
Mellom anna vert kontora til Farstad og Solstad slått saman i Australia, Brasil, Singapore og Skotland.
- I Australia og Brasil vil vi i stor grad byggje vidare på Farstad sine kontor, seier Dale.
- Her byggjer vi vidare på det systemet som Deep Sea Supply allereie har etablert på Kypros, seier Dale.
Han seier at grepa er eit resultat av at selskapet har lova eigarane å kutte kostnadene med rundt ein halv milliard kroner.
- Vi ser på alle deler av konsernet, men det er klart at mange personar vert berørte når fire selskap blir samla i eitt på denne måten.
- Her vert det ein del endringar, men talet på tilsette vert truleg ikkje redusert med meir enn nokre få, seier Dale.
Han håper at dette er siste kuttrunda.
- Vi blør pengar no, men ser litt lysning fram i tid. Ratene er framleis lave, men det er fleire oppdrag å kjempe om.
- Vi håper også at vi om eitt år eller to skal vere så pass godt stilte at vi kan tilsette nye folk.
- Men akkurat no hadde vi ikkje anna val enn å gjere det vi no har gjort, same kor tungt det er for alle involverte.
- Konsernet blør pengar, og om vi ikkje tek grep no, så vil vi alle saman gå ned med flagget til topps.
Dette seier driftssjef Tor Inge Dale i Solstad Farstad.
Barbert Ålesund-kontor
Dale fekk den tunge oppgåva med å informere dei tidlegare Farstad-tilsette i Ålesund.- Mange tok det svært tungt. Vi har ytterlegare ein representant frå konsernleiinga til stades, i tillegg til at vi har på plass bedriftshelsetenesta, seier Dale.
Totalt vert det tilbake berre rundt 15 stillingar i Ålesund etter at 37 stillingar no vert kutta. Det er inkludert 10 oppseiingar som tidlegare er varsla.
Vurderer flytting
Dei Ålesund-tilsette som mister jobben er fordelte på mange funksjonar, som IT, teknisk og HMS.No kan også dei siste arbeidsplassane verte flytta frå dei nye Farstad-lokala til ein annan stad i Ålesund.
- Lokala vi har i Ålesund i dag er store og relativt dyre, så vi ser no på andre løysingar, seier Dale.
Sju må gå i Fosnavåg
Også i Fosnavåg vert det kutt, men i mykje mindre omfang enn i Ålesund.I Fosnavåg går ein frå 21 årsverk til 17 årsverk. Sju personar mister jobben.
Dagleg leiar Nils-Christian Nørvåg seier at dei sju vart informerte i går kveld, slik at dei fekk ein dag å førebu seg på før dagens allmøte.
- Dette er flinke folk, der fleire har jobba i over ti år for Rem Offshore, og seinare i Solstad Farstad-systemet. Alle synst dette er leit og trist, men vi vil prøve å hjelpe dei berørte så godt vi kan.
- Gjer best muleg jobb
Nørvåg trur ikkje det vert fleire kutt på Fosnavåg-kontoret.- Nei, vi har fått garantiar på at det skal vere ein lokalitet i Fosnavåg for Farstad Solstad, og det er dette vi har forhalde oss til heilt sidan Solstad kom inn på eigarsida.
- Vi har prøvd å gjere ein så god jobb som muleg, og meiner at det er den beste måten å sikre arbeidsplassane på. Vi har også fått tilbakemeldingar på at leiinga er godt nøgde med drifta her.
Store kutt i utlandet
Totalt er det rundt 100 av Solstad Farstad sine landtilsette som no mister jobben. I Norge går antal tilsette ned frå rundt 150 til vel 110, medan det vert kutt i utlandet på rundt 70 stillingar.Mellom anna vert kontora til Farstad og Solstad slått saman i Australia, Brasil, Singapore og Skotland.
- I Australia og Brasil vil vi i stor grad byggje vidare på Farstad sine kontor, seier Dale.
Rekneskap til Kypros
Som ein del av omlegginga vert heile rekneskapsfunksjonen flytta til Kypros.- Her byggjer vi vidare på det systemet som Deep Sea Supply allereie har etablert på Kypros, seier Dale.
Han seier at grepa er eit resultat av at selskapet har lova eigarane å kutte kostnadene med rundt ein halv milliard kroner.
- Vi ser på alle deler av konsernet, men det er klart at mange personar vert berørte når fire selskap blir samla i eitt på denne måten.
Skudenes lite berørt
Ved hovudkontoret på Skudeneshavn vert det derimot ikkje omfattande kutt.- Her vert det ein del endringar, men talet på tilsette vert truleg ikkje redusert med meir enn nokre få, seier Dale.
Han håper at dette er siste kuttrunda.
- Vi blør pengar no, men ser litt lysning fram i tid. Ratene er framleis lave, men det er fleire oppdrag å kjempe om.
- Vi håper også at vi om eitt år eller to skal vere så pass godt stilte at vi kan tilsette nye folk.
- Men akkurat no hadde vi ikkje anna val enn å gjere det vi no har gjort, same kor tungt det er for alle involverte.
Konsernet blør pengar, og om vi ikkje tek grep no, så vil vi alle saman gå ned med flagget til topps
Publisert: 24.08.2017 15:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13