Kutter yrkeslinjer og legg ned Vanylven avdeling
MISTER LINJE: YSK-utdanninga ved Ulstein (bilde), Fræna, Kristiansund og Ålesund blir lagt ned, men Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) er uroa for låge søkertal ved mange yrkesfag. 
Nytt

Kutter yrkeslinjer og legg ned Vanylven-avdeling

Verftsarbeidar og fylkespolitikar Randi Walderhaug Frisvoll meiner nedlegging av linjer må til, men er uroa over låge søkartal til yrkesfaga.

Marius Rosbach
10.12.2019
Det var mange gode intensjonar til støtte for YSK-utdanningane, men fleirtalet på 28 representantar i fylkestinget gjekk tysdag inn for å kutte desse linjene ved fleire vidaregåande skuler. Vedtaket tysdag følgjer i er .
Det betyr mellom anna at YSK/TAF-linjene ved Ulstein, Fræna, Kristiansund og Ålesund blir lagt ned. Tilbodet blir vidareført i Haram.
Samtidig blir det fulle klassar i musikk, dans og drama ved dei plassane som har tilbodet i dag – Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Linjene for kunst, design og arkitektur i Volda og Kristiansund blir skjerma, saman med restaurant og matfag i Ørsta og Stranda, samt bygg og anlegg i Herøy.
Vanylven-avdelinga ved Herøy vidaregåande blir lagt ned.

– Viktig at vi har ei fordeling på kutta

– Det har vore viktig å ikkje ramme dei kreative faga for hardt, sa Yvonne Wold (SV) til forsvar for vedtaket frå fleirtalet beståande av Ap, SV, Sp, KrF og MDG.
Rauma-ordføraren meiner desse faga er av stor betydning for at mange gjennomfører skulegangen, og at nytta for næringslivet er underkommunisert.
– Vi er difor nøgde med at vi både får med KDA i Kristiansund og Volda, og aukar talet på plassar ved musikk, dans og drama. Det har vore viktig at vi har ei fordeling på kutta som gjer at ingen skular eller lokalsamfunn med næringsliv blir ramma for hardt, sa ho.
Wold sa ho forstod viktigheita av YSK/TAF-linjene for næringslivet – men sa seg likevel nøgd med at fleirtalet sikrar tilbodet i Haram.

Utfordring med søkartal

Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) som sjølv har lang erfaring frå verftsindustrien, meinte fleirtalet hadde kome fram til eit godt kompromiss. Ho var likevel uroa for utviklinga med stort behov for arbeidskraft – og lågare søkartal kombinert med negativ folketalsutvikling.
– Berre i Brattvåg har vi 800 innleigde i dag Likevel har vi låge søkartal på yrkeslinja. Kvifor det, spurde ho meiner noko av svaret litt i at «den norske modellen forvitrar» og at der er «vanskeleg å få bukt med useriøs arbeidskraft som utkonkurrerer dei ungdomane våre».
– Dette er ei felles stor utfordring som er del av heilheita, sa Frisvoll.

Meir frå fylkestinget:



Vil skjerme YSK – og slå saman skuler

Torgeir Dahl (H) minna sine politikarkollegaer om at dei også for tre år sidan satt i den same diskusjonen om strukturen for dei vidaregåande skulane.
– Vi lande dessverre på ei mellomløysing, sa Dahl og meiner fleirtalet held fram på same spor med å «utarme» skulane.
I staden har Høgre teke til orde for å legge ned skular i staden for å fjerne yrkeslinjene. Partiet ville behalde YSK-linjene i heile fylket – saman med musikk, dans drama. Dahl minna om at også ungdomspanelet i Møre og Romsdal vil sjå på nedlegging av skular.
Han la også fram eit forslag om å greie ut utdanningsbehovet i landbruket, som blei vedteke. Høgre fekk likevel ikkje vilja si med å ha med eit punkt om at ein skulle vurdere «dagens Gjermundnes opp mot framtidas Tingvoll», som Dahl formulerte det.

– Det er mange ting vi kan seie nei til

Geir Stenseth og Frank Sve frå Framstegspartiet ytra seg begge kritisk til fleirtalet sitt opplegg – og etterlyste inndekking for tilboda dei no vil skjerme. Fleirtalet har lagt opp til eit rammekutt på 0,75 på alle sektorar – som Frp-kollegane ville ha svar på korleis ville slå ut.
Stenseth viste til at yrkeslinjene var viktige for næringslivet og gjekk i rette med oppfatninga om lærlingar «ikkje nyttar» fagbrevet dei får: – Det gis eit inntrykk av at det er eit tap at YSK og TAF-elevane år vidare til høgare utdanning. Eg trudde det var meininga. For dei beste leiarane, dei har jobba på golvet, sa Stenseth.
Frp vil mellom anna kutta støtta til kulturhus i Kristiansund – og fekk tysdag støtte frå Nordmørslista i det synet. Frank Sve viste til at fylkeskommunen gir støtte på ein rekke område til bedrifter, lag og organisasjonar og andre ting som ikkje er lovpålagd.
– Det er mange ting vi kan seie nei til. Kommunane seier nei, men fylkestinget seier ja til alt – også blir det skulane som må ta det store kuttet, meiner Sve.

Publisert: 10.12.2019 16:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47