Glen Bradley Bjorn Vegard Lovik Gjermund Kvernmo Langset foto Marius
SAMARBEID: Rostein-topp Glen Bradley (frå venstre), Bjørn-Vegard Løvik frå Prophylaxia og Gjermund Kvernmo Langset frå Bauta-konsernet med ein modell av stålmerda som har fått namnet Varig. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Kva anna plass enn i Møre og Romsdal skal vi klare det

Glen Bradley meiner regionen er i ei særstilling til å løfte satsingar som serieproduksjon av oppdrettsmerdar.

Marius Rosbach
29.04.2026

Denne veka blei pressa invitert for å sjå produksjonen av det som skal bli verdas første oppdrettsmerd i stål. Målet er å starte storstilt serieproduksjon av eit nytt produkt i ein marknad som er venta å vekse betydeleg. 

Nyvinningen skal bli laga ved Vard sitt tidligere anlegg på Aukra og vil i første omgang sørge for arbeid til 50-60 personar. 

– Det er mykje meir komplisert å lukkast enn ein kanskje skulle tru. Samtidig kan vi vel seie at «kva anna plass enn i Møre og Romsdal skal vi klare det», seier Glen Bradley til Nett No. 

Meiner oppdrettsselskap er avgjerande
Rostein-toppen deltok på møtet med pressa på Aukra og understreka at regionen er i særstilling som kan løfte ein slik industriproduksjonen dei no startar på det tidlegare Vard-anlegget.

– Vi har maritim og marin kunnskap med verdsleiande miljø i Bauta og Rostein. Så har vi gått saman med Prophylaxia som har kunnskap om lakseoppdrett, både med landbaserte og lukka anlegg, seier Bradley. 

Bauta stalmerd produksjon foto marius
STORE DIMENSJONAR: Kvar stålmerd består av 17 delar. Diameteren er på 32 meter og merda er 18 meter frå topp til botn. Foto: Marius Rosbach

Han meiner oppdrettsselskapet frå Vestnes var avgjerande for at satsinga kom på plass. Dei skal leige merda frå samarbeidsselskapet Oceandock – der alle aktørane er med på eigarsida.

– Alle brikkane i verdikjeda må vere på plass, og dei blei avgjerande for å kunne realisere den første merda. No får vi også nærleik til utprøvinga og drifta, seier han.

– Startar med sal i heimemarknaden
Atlantic Sapphire-gründerane Bjørn-Vegard Løvik og Johan Andreassen er sentrale i oppdrettsselskapet, som har planar om å sette ut stålmerden ved sitt anlegg på Gjermundnes i Romsdalsfjorden.

Bradley peiker også på Hofseth-konsernet som eit anna relativt lite oppdrettsselskap frå regionen, som han meiner er frampå med å utnytte ny teknologi. 

– Det er gjerne slik i regionen vår at ting som blir ein global eksportsuksess, startar med sal i heimemarknaden. Om ein klarer å bygge ein heimemarknad får du etter kvart kunnskapen og verdikjeda du treng for å bygge eit selskap som kan skalere skikkeleg, la Bradley til.

Bauta aukra foto Marius
VERDENS FØRSTE: Delene som ligger bak aktørene i produksjonshallen på Aukra-anlegget skal bli verdens første stålmerd. Etter planen skal den sjøsettes i oktober. Foto: Marius Rosbach

Stor investering 
Prophylaxia-duoen Løvik og Andreassen legg ikkje skjul på at det er ei stor investering for selskapet deira. 

– Det er veldig artig at vi har industrielle krefter i regionen som hjelper kvarandre på denne måten, seier Bjørn-Vegard Løvik.

Prophylaxia er kontrollert av Alsco Aqua, som er eigd av Andreassen og Løvik. Selskapet omsette for 322 millionar i 2024. 

Trur på marknaden
Gjermund Kvernmo Langset som er daglig leder i Bauta Fishfarms og Oceandock fortel at dei ser store moglegheiter med produksjonen av stålmerdane.

I dag er kring 5.000-6.000 merdar i drift i sjøen av oppdrettsbransjen her til lands. Bauta-leiaren viser til målsetting om vekst i bransjen – og at dei ventar at mykje av veksten vil skje ved hjelp av lukka oppdrett. 

Dei er likevel avhengig av fleire ordrar for at produksjonen skal «ta av». 

– Vi ser at det er ein marknad som vi håpar vil kome, og då skal vi vere klare til å levere, sa Langset.

Han anslår at dei ville ha kapasitet til å lage kring 30 stålmerdar årleg på anlegga sine. 

Publisert: 29.04.2026 10:12

Sist oppdatert: 29.04.2026 10:12

Mer om