Entreprenør IKKE GJENBRUK FOTO NPK 1
UTSETT BRANSJE: Bygg- og anleggsbransjen melder om betydelege utfordringar når det gjeld tilgang på råvarer. Foto: Colourbox
Nytt

Kvar tredje verksemd har problem med råvarer

Vestlandsindeksen viser at bedriftene ventar auka innkjøpsprisar og fallande etterspurnad.

NPK
20.06.2022

(NPK): Indeksen til Sparebanken Vest viser at stadig fleire bedrifter på Vestlandet ventar auka innkjøpsprisar, og kvar tredje verksemd melder om vanskar med råvaretilgangen.

Dette skjer i ei tid der verksemdene kan vise til betre resultat, samstundes som det altså er fallande forventingar til dei neste seks månadene.

Auke etter nedgang i vår

Indeksen for andre kvartal er den første sidan krigen i Ukraina braut ut i februar. Etter to kvartal med negativ utvikling i resultatindeksen, har han no ein auke på 1,6 poeng. Det betyr at resultatindeksen no ligg over det historiske snittet på 60,7 poeng.

– Medan selskapa melder om høgare aktivitet samanlikna med første kvartal, er dei no meir usikre, og det slår inn på forventingane for det neste halve året, seier Kjetil Benson, leiar for marknad i Sparebanken Vest.

Lågare forventingar

Benson seier at det særleg forventingane til lønnsemd og etterspurnad som trekkjer ned.

Over halvparten av verksemdene melder at dei ventar auka utsalsprisar. Nærmare ni av ti av desse oppgir auka kostnader som årsak, opp frå 82 prosent i første kvartal og frå 77 prosent i tredje kvartal 2021.

Kapasitetsvanskar hos kvar trredje
Meir enn kvart tredje bedrift oppgir at kapasitetsvanskar er ein faktor som hindrar ei positiv utvikling. 80 prosent av selskapa seier at vanskar med å få ta i nok arbeidskraft er den klart viktigaste årsaka. Dette gjeld særleg faglærte.

– Sjølv om etterspurnaden er venta å falle framover, er det framleis godt driv i økonomien. Det er låg arbeidsløyse. Mange bransjar kunne ha levert meir, seier Kjetil Benson.

(©NPK)

Publisert: 20.06.2022 10:40

Sist oppdatert: 20.06.2022 10:49

Mer om