Torstein heggstad
OPPRYKK: Torstein Heggstad skal leie bedriftsmarknadsatsinga til Sparebanken Vest frå Hardanger i sør til Nordmøre i nord. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal styre fiskeri- og havbruksatsing frå Ålesund

Torstein Heggstad rykker opp i konsernleiinga i Sparebanken Vest.

17.06.2022

Torstein Heggstad har hatt ansvaret for å bygge opp Sparebanken Vest sitt avdelingskontor i Ålesund. No blir han ein del av konsernleiinga i banken.

Han får ansvaret for banken sitt samla engasjement i fiskeri og havbruk, der samla utlån no er på omlag 10 milliardar kroner. Han skal også leie heile bedriftsmarknadsatsinga i Nordre Hordland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han skal framleis har Ålesundkontoret som base, og skal inntil vidare også leie avdelinga i Ålesund.

Satsar på Ålesund
- Det er eit tydeleg signal om kor stor vekt Ålesund-satsinga har i banken, seier Heggstad om si nye rolle.

I dag har avdelinga i Ålesund 14 tilsette. Etter sommarferie skal avdelinga inn i nye og større lokale i Ålesund sentrum, der det også blir plass til fleire nye tilsette - som Heggstad lovar skal tilsettast.

Heggstad har tidlegare vore toppsjef hos Eivind Volstad selskap, Volstad as, som tidlegarevar både offshore- og fiskebåtreiarlag. Før har byrja i banken i fjor var han mellombels dagleg leiar hos fiskeindustriselskapet Nils Sperre.

Han arbeidde i Nordea frå 2001 til 2005 og deretter hos Sparebank1 SMN før han byrja hos Volstad.

Publisert: 17.06.2022 14:43

Sist oppdatert: 17.06.2022 14:44