Årets regionbyggar Tove Lise Torve Lars Øyvind Baltzersen foto Møre og Romsdal fylkeskommune
FEKK PRIS: Lars Øyvind Baltzersen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap, tok i mot prisen frå fylkesordførar Tove-Lise Torve torsdag. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Kåra til årets regionbyggar

Ungt Entreprenørskap inspirerer unge gründere.

Marius Rosbach
21.04.2022

Fylkesordførar Tove-Lise Torve delte torsdag ut prisen Årets Regionbyggar til Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.

Utdelinga skjedde under Nyttårskonferansen som gjekk av stabelen i Molde onsdag og torsdag.

Sjå opptak frå konferansen torsdag (ekstern lenke)

– Solid innsats for barn og unge
Prisen går til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket – eller har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

– Ungt entreprenørskap legg ned ein solid innsats for barn og unge. Dei bidrar til å bygge regionen og til å utvikle framtidas næringsliv, uttaler Torve i ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Inkluderande arbeidsform som engasjerer
Juryen meiner Ungt entreprenørskap bidrar til å forme framtida for regionen gjennom ungdom og entreprenørskap.

– Organisasjonen jobbar innovativt med ei inkluderande arbeidsform som engasjerer og inkluderer mange både i privat næringsliv og virkemiddelapparatet i tillegg til ungdommene selv. Ungt Entreprenørskap gir barn og unge rom for skaperglede og mestringsfølelse, heiter det i deira uttale.

Publisert: 21.04.2022 12:26

Sist oppdatert: 21.04.2022 12:42

Mer om