Larsnes mek dronefoto mars 2021 innfelt jarle gunnarstein foto larsnes mek verksted kjetil 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPPSVING: Etter to svake år blei 2020 ein solid opptur for Larsnes Mek. Verksted. Jarle Gunnarstein (innfelt) står i spissen for ei bedrift som utvidar. Foto: Kjetil Haanes/Larsnes Mek. Verksted
Nytt

La fram rekordresultatet

Koronaåret vart rekordår for Larsnes Mek. Verksted.

09.07.2021

– Året 2020 enda med det beste resultatet verftet har hatt sidan vi starta opp, sa Larsnes Mek. Verksted-sjef Jarle Gunnarstein i mars i år.

I dag kom reknskapen som viser kva som er det nye rekordresultatet til selskapet.

Etter eit lite underskot i 2018 og eit lite overskot i 2019, blei resultatet før skatt i fjor 36,9 millionar kroner.

Håpar å ha nytt anlegg ferdig i 2023
Sande-verftet har vekse betydeleg sidan brønnbåtreiarlaget Rostein kom inn på eigarsida for nokre år sidan. No er verftet også i full sving med den største satsinga nokon gong, med ny tørrdokk på 135 x 24 meter, tilhøyrande overbygg på 150 x 40 meter, forlenging av eksisterande kai og ny kai mot vest.

– Vi reknar med at det første byggesteget vil vere ferdig i august. I samanheng med at vi tek ut masse, blir det óg laga til eit grøntområde på sørsida, sa Gunnarstein til NETT NO i mars i år.

Om finansieringa kjem endeleg på plass, håpar dei å fortsette utbygginga utan opphald. Lukkast det vil heile anlegget vere klart i løpet av 2023.

Tjukk ordrebok
Etter ein fiskebåtkontrakt kom på plass i vinter hadde Larsnes Mek. Verksted ein ordrereserve på ein milliard kroner.

Selskapet greidde seg godt gjennom koronaepidemien, mellom anna fordi utanlandske arbeidarar valde å bli verande i staden for å reise heim då epidemien kom.

Larsnes Mek. Verksted as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter476,4512,5
Driftsresultat37,53,0
Resultat før skatt36,92,3

Publisert: 09.07.2021 09:05

Sist oppdatert: 08.09.2021 11:08

Mer om