Frank Willy Utgård Bjørn Idar Lyngvær foto Ogne
EIGARANE: Frank Willy Utgård (t.v) og Bjørn Idar Lyngvær eig 40,119 prosent kvar av Jarnes Møbler. Jarle Slyngstad eig 19,763 prosent. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

La om kursen og vaks

Jarnes Møbler auka i kontraktsmøbelmarknaden.

21.06.2023

Grunnleggar Frank Willy Utgård gjekk over til å konsentrere seg om produksjonen, medinvestor Bjørn Idar Lyngvær tok over oppgåvene som dagleg leiar, selskapet tilsette ein seljar og selskapet satsa på møblar for bedrifter, institusjonar og offentlege rom.

Det er oppskrifta bak at den vesle møbelprodusenten i Jarnes Møbler i Hundeidvika med fire tilsette, i fjor auka driftsinntektene med over ein million kroner.

Fem millionar i år
I år ventar selskapet passere fem millionar kroner i driftsinntekter, seier Lyngvær.

I tillegg til Utgård og Lyngvær er møbeldesignar Jarle Slyngstad medeigar i selskapet. Det er også han som teiknar møblane.

Lyngvær seier modellane er utforma slik at det går an å bygge ulike møblar basert på dei same komponentane, slik at antall deler i produksjonen kan haldast nede.

Selskapet har Møbeltre og PU Fabrikken i Sykkylven som underleverandør på trekomponentar, og blant andre Ekornes som underleverandør av skumprodukt og Gudbrandsdalen Uldvarefabrikk som tekstilleverandør.

Frank Willy Utgård foto Ogne 1 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NETTBUTIKK: I tillegg til å lage møblar driv Frank Willy Utgård også nettbutikk for gitaristar. Foto: Ogne Øyehaug

Gitarnettbutikk og industri
I tillegg til Jarnes Møbler er både Utgård og Lyngvær engasjert i andre bedrifter.

Utgård er medeigar i nettbutikken gitarist.no. Butikken sel gitardeler og -tilbehør. Butikken er eigd av selskapet Garibaldi, som Utgård eig saman med Martin Foldal.

Lyngvær er eigar av Fishtech Hygena, som har spesialsiert på å lage tak og veggsystemer for hygieniske rom – frå produksjonslokale til sluser, laboratorium, operasjonssalar og andre typer rom med høge krav til hygiene.

Alle selskapa held til i Hundeidvika i Sykkylven.

Jarnes Møbler as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt4,02,9
Driftsresultat0,30,1
Resultat før skatt0,20,04
Garibaldi as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt2,93,0
Driftsresultat0,20,4
Resultat før skatt0,20,4
Fishtech Hygena as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt16,311,2
Driftsresultat0,40,7
Resultat før skatt0,50,6

Publisert: 21.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.06.2023 18:16