Normal Irene Overa foto marius
OPNING: Butikksjef Irene Overå og medarbeidarane hennar hadde fullt opp å gjere med å dele ut «goodybags» og handtere kundar ved butikkopninga torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Laaang kø for butikkopning

Thon-satsing i Ulsteinvik.

Marius Rosbach
26.04.2024

Fleire hundre personar møtte opp då Amfi i Ulsteinvik opna ny Normal-butikk ved kjøpesenteret torsdag.

– Dette var veldig artig, seier senterleiar Helene Holstad til Nett No medan ho fotograferte køen som strekte seg gjennom fellesarealet og ut døra på senteret.

Større ombygging
Olav Thon Gruppen overtok Amfi-senteret ved inngangen til 2023 frå lokale eigarar i Ulstein-familien.

No er senteret midt i ei større ombygging der heile første etasje – forutan Kiwi-butikken – skal «bli ny». Også daglegvarebutikken har planar om fornying.

– No skal vi halde fram å pusse opp fellesareala i første etasje, også ligg det an til fleire nye leigetakarar snart, fortel Holstad.

Normal amfi ulsteinvik opning foto marius
FULL MUSIKK: Ein innleigd dj stod for musikk og god stemning for dei mange som venta på at Normal-butikken skulle opne torsdag. Foto: Marius Rosbach

Vekstvinnar i fjor
Amfi-senteret auka omsetninga desidert mest av dei fire Thon-eigde kjøpesentera på Nordvestlandet i fjor.

Det blei selt varer og tenester på senteret for 343 millionar kroner i fjor, som er ei auke på meir enn 16 prosent. Med dagens nyopning ligg senteret an til ny vekst i år.

Publisert: 26.04.2024 10:36

Sist oppdatert: 26.04.2024 10:36

Mer om