Lakseoppdrettarar aukar formuen
DOBLA FORMUEN: Ola Braanaas i Firda Seafood Group i Sogn og Fjordane dobla formuen frå ein halv milliard til ein milliard kroner. Han seier han vil flagge ut om det blir innført lakseskatt. 
Nytt

Lakseoppdrettarar aukar formuen

Formuen til dei største lakseeigarane aukar, men dei vil ikkje ha høgare skatt. – Å bygge opp formue kjem samfunnet til gode, seier Ola Braanaas i Firda Seafood Group.

06.11.2019
(NPK-NTB): Den samla formuen til dei 18 største lakseeigarane i landet var i fjor på ni milliardar kroner, viser likningstal har henta inn.
Øvst på formueslista ligg Gerhard Meidell Alsaker frå Tysnes i Hordaland. Han har ein likningsformue på 1,58 milliardar kroner og er oppført med ei inntekt på 52,9 millionar kroner.
På inntektstoppen er Gustav Magnar Witzøe, eigar i Salmar. Inntekta i 2018 var på 150,4 millionar kroner og formuen runda éin milliard kroner for mannen som leier Noregs tredje største oppdrettsselskap.
Tredjemann på lista er Ola Braanaas, som eig Firda Seafood Group i Sogn og Fjordane. Han har ein likningsformue på ein milliard kroner. Det er ei dobling frå året før.

– Urettferdig

Nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes i SV meiner tala viser at fellesskapet går glipp av skatteinntekter frå ei formidabel grunnrente.
– Mange kystkommunar slit med å få endene til å møtast, og rett utanfor i fjorden blir det skapt superprofitt for nokre få som driv på arealet til allmenta. Det er urettferdig, seier han.
Eit regjeringsutnemnt utval tilrådde måndag å innføre grunnrenteskatt for norsk oppdrettsnæring. Næringa er sterkt imot, og fleire lakseeigarar vurderer utflagging viss lakseskatt blir vedtatt. Braanaas er ein av dei.
– Er det gale å bygge opp formue? Å bygge opp formue kjem samfunnet til gode. Dei kapitalsterke er villige til å satse. Vi ville ikkje fått bygd ei slik næring langs norskekysten utan kapital, sa Braanaas til tidlegare i veka.

Nokre manglar

To av dei største oppdrettsselskapa i landet er ikkje med i oversikta til Klassekampen. Det gjeld Mowi, tidlegare Marin Harvest, der John Fredriksen er største aksjonær og Cermaq, som er kjøpt av japanske Mitsubishi Corporation.
Likningstala som er henta inn, skil ikkje mellom inntekter og formue frå oppdrett og anna verksemd.
(©NPK)
Å bygge opp formue kjem samfunnet til gode. Dei kapitalsterke er villige til å satse

Publisert: 06.11.2019 08:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43