Skatten som norske bedriftseigarar betalar inn til statskassa ligg an til å bli eit av dei store stridsspørsmåla i den komande valkampen.
Bakgrunnen er at Støre-regjeringa har skjerpa formues- og utbytteskatten sidan dei kom til makta. Endringane har i praksis dobla skattebyrda på dette området for nordmenn som eig bedrifter her i landet.
Skatteskjerpinga har ført til ei betydeleg utflytting av dei aller rikaste bedriftseigarane. Samtidig har det kome sjeldan høglydte protestar frå eigarar av små og mellomstore bedrifter. Dei er gjerne ikkje i ein posisjon til å kunne å flytte – om skattebyrda blir så høg at dei fryktar for framtida.
I ein slik situasjon er det avgjerande for veljarane å få vite kva dei ulike partia meiner.
Ikkje minst fordi den framtidige velferda den norske staten kan by innbyggjarane sine, er heilt avhengig av at det private næringslivet har evne til å bidra i spleiselaget framover.
Det har ikkje mangla på utspel frå dei borgarlege partia om kva dei ønsker. Høgre, KrF og Venstre er tydelege på at dei vil fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, medan Frp vil gå lenger - og fjerne heile skatten.
Høgre-leiar Erna Solberg er blant dei som også har vore ope om at partiet kan vurdere å dekke inn delar av skattekuttet, med ein auke i selskapsskatten.
Uansett kva ein meiner om sjølve forslaget, skal Høgre-leiaren ha ros for at ho tør å lufte ideen. For den fell ikkje i god jord hos alle på borgarleg side – og mellom anna NHO har gått hardt ut mot ei slik «skatteveksling».
I løpet av dei siste åra har den eine sentrale Ap-politikaren etter den andre sagt at dei er opne for å sjå på innrettinga av dagens formuesskatt og utbytteskatt.
Men det stoppar der.
Strategien verkar vere at dette er eit tema regjeringspartiet vil seie minst mogleg om før valet. Kan hende er det ein strategi som kan sikre valseier – men det er knappast verdig for eit «ansvarleg styringsparti».
Det kan ein heller ikkje seie om korleis regjeringspartiet møter nyheiter om fall i investeringar, knapp vekst i jobbar i privat sektor eller bølgje av sal av norske bedrifter til utlandet.
Ein avleiingsmanøver, eller å la vere å svare, er snarare regelen enn unntaket.
I eit intervju med Nett No i fjor ville ikkje statsminister Jonas Gahr Støre svare konkret på kva alternativ han kunne sjå føre seg.
Spørsmåla gjaldt om det til eksempel var aktuelt å gå i retning av forslaget frå skatteutvalet leia av Ragnar Torvik. Dei foreslo mellom anna redusert formuesskatt. Eller om Støre ville vurdere Knut Flakk sitt forslag - om å «bytte» vekk formuesskatten med å skattlegge formueobjekt som dyre hytter, hus, bilar og båtar.
Spørsmåla blei etterpå sendt til statsministerens kontor, men blei ikkje svara på.
Ein rekke politikarar har dei siste åra spurt ulike statsrådar i Stortinget om uro om konsekvensane av eigarskattane. Svara har gjerne vore ein «stilstudie» i korleis ein kan unngå å svare, eller gå til kjernen av kva spørsmåla har dreia seg om.
Det same har vore tilfellet når ansvarleg statsråd har stilt til debatt på riksdekkande fjernsyn.
Situasjonen har ikkje blitt betre etter at Arbeiderpartiet har stige på meiningsmålingane.
Finansminister Jens Stoltenberg sitt utspel om eit skatteforlik – der nivået skal vere som i dag – kan knappast sjåast som ein invitasjon det ligg reell vilje til kompromiss bak.
Opposisjonen oppfatta det som eit forsøk på å legge «ballen død» i eit vanskeleg spørsmål for regjeringa framfor valet. Samtidig kan Ap-politikarar vise til forslaget i ein kvar diskusjon om formue- og utbytteskatt.
I takt med at det har kome nye eksempel på korleis skattlegginga av norske bedriftseigarar slår uheldig ut, har Ap-politikarar gjenteke på «repeat» korleis det stort sett går bra med næringslivet her til lands.
Eller dei har latt vere å svare.
Då Nett No omtala korleis gründeren Olav Sindre Kriken og dei andre i oppstartsselskapet Tana hamna i ein skatteskvis, spurte vi Ap, SV og Raudt korleis dei såg på situasjonen.
Raudt og SV kom med sine synspunkt, men frå stortingspolitikar og tidlegare næringspolitisk talsperson i Ap, Per Vidar Kjølmoen, kom det aldri noko svar. Kjølmoen gjekk allereie i 2021 langt i å anerkjenne utfordringane skattlegginga av norske bedriftseigarar fører til. Men gjennomslaget i partiet sentralt er tydeleg ikkje stort.
Finansdepartementet si handtering av fleire spørsmål frå Nett No nyleg, er eit nytt eksempel på korleis ein unngår å svare om skatt.
Utgangspunktet var eit spørsmål frå Brunstad-eigar Olaug Strand Brunstad til finansminister Jens Stoltenberg – om hennar innsats var ubetydeleg. Slik hadde ho nemleg oppfatta svaret frå statssekretæren hans under eit arrangement i Oslo.
Samtidig stilte Nett No spørsmål om korleis Stoltenberg stiller seg til frustrasjonen stadig fleire bedriftseigarar gir uttrykk for – og om kva endringar regjeringa, eller Ap kan vurdere på skatt for å komme næringslivet i møte.
Stoltenberg valde å la statssekretæren svare Brunstad-eigaren.
Som svar på Nett No sine spørsmål fekk redaksjonen vite at innlegget etter departementet si oppfatning svara på det som blei spurt etter.
Ettersom det ikkje stod noko i statssekretæren sitt svar om kva alternativ Stoltenberg kan vurdere, bad redaksjonen om ei revurdering.
«Vi viser til innlegget og har ikke mer å legge til i saken nå», var svaret frå ein av dei seks tilsette i kommunikasjonsavdelinga.
Det kom ikkje svar på spørsmålet om kvifor den politiske leiinga i departementet ikkje ville svare.
Det høyrer med til historia at finansministeren nyleg har motteke eit søksmål om sjølve grunnlaget for formuesskatten. Då har Stoltenberg sjølv svara at det er eit politisk spørsmål.
Då bør ein i det minste vente at statsråden svarar på spørsmål frå journalistar om temaet.
Publisert: 20.07.2025 05:00
Sist oppdatert: 24.07.2025 13:33