Langlo merkar toeff marknad
STRANDA: Marknadsdirektør Bjørn Utgård (til v.) og adm. direktør Pål Ringstad i Langlo har opplevd vekst i fleire år, men i fjor fall omsetninga noko tilbake. 
Nytt

Langlo merkar tøff marknad

Garderobeprodusenten på Stranda gjekk på ein liten smell i fjor. 

Kristin Vidhammer
04.08.2017
Langlo as på Stranda produserer skyvedørsgarderober, finerte plater og ommantla lister og profilar. Dei har rammeavtale med dei største byggvarekjedene i Norge og marknadsfører sine produkt først og fremst mot oppussings- og rehabiliteringsmarknaden.
I fjor fekk dei driftsinntekter på 103 millioner kroner, ein nedgong frå 114 millioner året før. Resultat før skatt vart i underskot på 3,3 millioner kroner, mot eit overskot på 3 millioner året før (sjå tabell).
80 prosent av omsetninga i Langlo er knytt til sal av garderobeløysingar, resten kjem frå sal til til industrien. Siste ti åra har Langlo dobla omsetninga og 2015 var eit toppår så langt.

Fann ei nisje

Langlo har levert garderober i over tretti år, og var ein av dei første i Norge med å levere måltilpassa skyvedører i eit garderobekonsept. Selskapet er den største aktøren på møbelinnreiiing til garderober i Norge når det gjeld måltilpassa skreddarsaum og har ein marknadsandel på 25-26 prosent.
- Vi var også først med å gå inn i byggevarekjedene som ein distribusjonsmåte, sa marknadsdirektør Bjørn Utgård og marknadssjef Torill Velle til NETT NO i fjor.
Då Langlo gjekk inn i den landsdekkande Byggmakker-kjeden i 1986 skaut omsetninga fart, og det er Norge som er marknaden.
- Det som pregar denne bedrifta, er at den alltid har vore innovativ og har hatt eigarar som har vore framsynte, sa dei vidare.
Les også:

Innovative

Garderobene er skreddarsaum, der alle ordrar er unike i forhold til mål og dermed er bestillingsvare.
- I 2010 lanserte vi også eit bestillingsprogram overfor forhandlarane og der løysingane blir digitalt teikna i 3D på millimeteren. Deretter går ordrene direkte inn i produksjonssystemet vårt. No har vi nyleg også lansert ein versjon som ligg på nettet til sluttbrukarane og der dei kan sende sine teikna forslag og forespørslar direkte til forhandlarane. Dette gjer at det blir en god og unik dialog mellom sluttbrukar og forhandler, sa Utgård og Velle vidare.
Ifølgje Utgård og Velle, har den innsatsen dei har lagt ned i å utvikle salshjelpemiddel for kjedane, bidrege til å auke omsetninga kraftig.
Dei har også lukkast med å lage produksjonslinjene straumlinjeforma til trass for målsaum. Ei bestilling går direkte og elektronisk rett inn i produksjonssystemet, noko som kortar ned produksjonstida.

Kamp om marginar og svak kronekurs ingen fordel

For Langlo er ikkje den svake kronekursen no nokon fordel.
- Nei, vi driv ikkje eksport. Vi kjøper imidlertid inn ein del varer frå utlandet, og då er ikkje den svake krona nokon fordel. Konkurransen i sluttmarknaden er også sterk og det er ein veldig tøff marknad og med press på marginane, sa Velle og Utgård i fjor.
Styret skriv i årsmeldinga for 2016 at selskapet som den einaste produsenten i Norge har bygd opp ein kompetanse i ommantling av finerte profiler for ein marknad med stort potensial.
Dei ventar ikkje endring i utviklinga av marknaden for selskapet sine produkt i 2017. Ved årsskiftet var det 61 tilsette i selskapet.
Det er Kolbein Langlo og sønene Per Kåre og Tor som er hovedaksjonærar i selskapet.

Publisert: 04.08.2017 14:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12