Langlo veks vidare
STRANDA: 50-60.000 garderobeløysingar etter målsaum vert seld årleg frå Langlo. To-tre vogntog går kvar dag ut frå fabrikken i Svemorka  for levering til sluttkundar. Her er Reidar Leirmo i gang med produksjon. 
Nytt

Langlo veks vidare

Marknaden er veksande, men det er ein tøff kamp om marginane.

Kristin Vidhammer
02.08.2016
Ei svak krone er heller ingen fordel for garderobeprodusenten på Stranda. Langlo har levert garderober i over tretti år, og var ein av dei første i Norge med å levere måltilpassa skyvedører i eit garderobekonsept.
- Vi var også først med å gå inn i byggevarekjedene som ein distribusjonsmåte, sa marknadsdirektør Bjørn Utgård og marknadssjef Torill Velle til NETT NO i vår.
Då Langlo gjekk inn i den landsdekkande Byggmakker-kjeden i 1986 skaut omsetninga fart.
- Det som pregar denne bedrifta, er at den alltid har vore innovativ og har hatt eigarar som har vore framsynte, sa dei vidare.

God vekst siste ti åra

Siste ti åra er omsetninga dobla, og i 2015 omsette Langlo for 114 millionar kroner. Resultatet før skatt var 3 millionar kroner. Det er både vekst i omsetning og resultat i høve til 2014 (sjå tabell).
Langlo er ifølgje Utgård og Velle den største aktøren på møbelinnreiiing til garderober i Norge når det gjeld måltilpassa skreddarsaum, og har ein marknadsandel på 25-26 prosent.
80 prosent av omsetninga i Langlo er knytt til sal av garderobeløysingar, resten kjem frå sal til til industrien.

Har lansert teikneprogram

Langlo sel garderobeløysingane gjennom dei største norske byggevarekjedane, og dei er fleire gonger kåra til "Årets leverandør" i ulike kjeder.
Det er er Norge som er marknaden. Konseptet er skreddarsaum, og der alle ordrar er unike i forhold til mål og er dermed bestillingsvare.
- I 2010 lanserte vi også eit bestillingsprogram overfor forhandlarane og der løysingane blir digitalt teikna i 3D på millimeteren. Deretter går ordrene direkte inn i produksjonssystemet vårt. No har vi nyleg også lansert ein versjon som ligg på nettet til sluttbrukarane og der dei kan sende sine teikna forslag og forespørslar direkte til forhandlarane. Dette gjer at det blir en god og unik dialog mellom sluttbrukar og forhandler, fortalde dei i vår.

Løfter salet

Ifølgje Utgård og Velle, har den innsatsen dei har lagt ned i å utvikle salshjelpemiddel for kjedane, bidrege til å auke omsetninga kraftig.
- Vi har også lukkast med å lage produksjonslinjene straumlinjeforma til trass for målsaum. Ei bestilling går direkte og elektronisk rett inn i produksjonssystemet, og dette gjer at vi også har klart å korte ned produksjonstida.
Dei er opptatt av å bygge ein sterk merkevare, og marknadsførar Langlo på eigen hand i tillegg til marknadsføringa som skjer gjennom kjedane.

Kamp om marginar og svak kronekurs ingen fordel

For Langlo er ikkje den svake kronekursen no nokon fordel.
- Nei, vi driv ikkje eksport. Vi kjøper imidlertid inn ein del varer frå utlandet, og då er ikkje den svake krona nokon fordel.
Konkurransen i sluttmarknaden er også sterk.
- Det er ein veldig tøff marknad og med press på marginane. Ut frå dette må vi seie av vi er fornøgde med resultata vi har oppnådd. Men vi må heile tida jobbe smartare og sjå på korleis vi kan rasjonalisere. Vi må også heile tida sjå framover og videreutvikle både produkta og produksjonen, sa dei i april.

Ser lyst på utsiktene

Det er ein stabilt veksande marknad, sjølv om dei merkar tøffere tider i enkelte deler av landet no.
- Vi er optimistiske for framtida, sjølv om det er spennande tider no i deler av næringslivet.Vi merkar at marknaden i områder langs kysten med mykje oljerelaterte næringar er blitt meir avventande. Samtidig opplever vi god vekst frå Trondheim og nordover. Men det skal byggast mange nye boligar i Norge framover.

Vekst også innan industrisegmentet

Til industrien leverer Langlo fleire ulike produkt, mellom anna vegg- og takplater, kontorskilleveggar og dei er også underleverandørar til møbelbransjen. Denne delen av verksemda er også veksande. Langlo har mellom anna levert spesielle takhimlingar til Fornebuporten og også veggbekledning til operahuset i Oslo.
Langlo har i lengre tid vore ei relativt stor arbeidsgjevar på Stranda, og har rundt 65 årsverk. Det er Kolbein Langlo og sønene Per Kåre og Tor som er hovedaksjonærar i selskapet.
Les også:

Publisert: 02.08.2016 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59