Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
TØFT ÅR PÅ BØRSEN: Norva24-aksjonærane har sett verdien av aksjane krympe gjennom storparten av 2023. Foto: Norva24
Nytt

Børsdagen: Langvarig nedtur for Norva24

Frå midten av januar har det gått nedoverbakke med aksjekursen for det Stryn-eigde konsernet.

11.09.2023

19. januar i år vart Norva 24-aksjane handla til 36 kroner. Berre ein kort periode sommaren 2022 har kursen vore høgare.

I slutten av august var selskapet verdsett til 21 kroner aksjen, som er den lågaste kursen selskapet har hatt. Måndag gjekk kursen opp 1,3 prosent, til 22,85 kroner aksjen, som verdset selskapet til 4,2 milliardar kroner. Det er likevel eit verdifall på 37 prosent samanlikna med toppen i vinter.

Konsernet si hovudverksemd er vedlikehald av infrastruktur nede i bakken, som vass- og avløpsanlegg.

Børsnoteringa på Stockholm-børsen i 2021 gjorde verdiane til grunnleggarane Arild Bødal og Sandbakk-familien i Stryn og Birkeland-familien i Hordaland meir synlege.

Gjennom selskapet Invest24 - der dei eig ein tredjepart kvar - eig dei 6,58 prosent i Norva24 og er fjerde største aksjonær. I tillegg eig Birkeland-familien 1,61 prosent gjennom eit eige selskap, Sandbakk-familien 1,21 prosent og Arild Bødal ein prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,20 2,39 %
Sparebanken Møre 77,00 1,57 %
Norva 24 Group* 22,85 1,33 %
Hexagon Composites 38,06 1,28 %
Salmon Evolution 6,18 0,32 %
Hexagon Purus 17,80 0,23 %
Havila Shipping 9,06 0,22 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,99 0,00 %
Hav Group 9,40 0,00 %
Hofseth Biocare 3,00 0,00 %
Nortel 25,00 0,00 %
Statt Torsk 0,52 -1,89 %
Atlantic Sapphire 1,52 -2,44 %
Havila Kystruten 1,06 -2,75 %
Arctic Bioscience 9,00 -4,26 %
Endúr 43,80 -4,58 %
* Kurs i SEK

Publisert: 11.09.2023 16:49

Sist oppdatert: 12.09.2023 02:22

Mer om