Lanserer sykkel tour i Moere og Romsdal
SYKKEL: Trollstigen er med på sykkelruta som Fjord Norge no lanserer for godt trena syklistar.
Nytt

Lanserer sykkel-"tour" i Møre og Romsdal

Fjord Norge lanserer ei utfordrande rute saman med lokalt reiseliv.

17.08.2018
NPK: I september lanserer Fjord Norge ei ny sykkelrute for godt trena syklistar som vil trakke seg gjennom vakker vestlandsnatur i Hjørundfjorden, Norangsdalen, Geiranger og Trollstigen på ein litt meir utfordrande måte.
Saman med lokale reiselivsaktørar i Møre og Romsdal har Fjord Norge lagt opp ein "ein krevjande tur som har alt ein kresen aktiv syklist krev for å få på sin "bucket list", går det fram av ei pressemelding frå Fjord Norge.
The Classic Fjord Tour er 600 kilometer lang og startar i enten Ålesund, Molde eller Kristiansund. Turen går vidare gjennom naturskjønne stader som Hjørundfjorden, Valldal, Trollstigen, Ørnevegen, Dalsnibba, Atlanterhavsvegen og Romsdalen.
Målet er å få på plass sykkelruter med internasjonalt nedslagsfelt i kvart av dei fire fjordfylka.
Profesjonelle syklistar testa ruta i mai, og i september skal Fjord Norge presentere konseptet for internasjonal sykkelpresse.

Publisert: 17.08.2018 18:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25