Etter at møbel- og designbransjen har stått utan eit tilbod der dei kan få utført akkreditert testing i Norge, er noko i ferd med å skje.
Under det årlege bransjetreffet for møbelindustrien i Sykkylven blei det lagt fram planar for å etablere eit nytt senter i kommunen.
Gry Helene Stavseng frå Gagn er engasjert som prosjektleiar av bransjeorganisasjonen Designindustrien i Norsk Industrien.
– Utgangspunktet vårt er at det er eit behov hos aktørane i møbel- og tekstilindustrien for å få utført akkrediterte testar, fortel Stavseng til Nett No om bakgrunnen for at arbeidet blei starta.
Torsdag kunne ho fortelje at det meste ligg til rette for at eit nytt senter kjem på beina i løpet av kort tid.
– Det er ingen andre slike testsenter for møbel her i landet som er tilgjengeleg for heile bransjen. Og det er aktørar som ønsker seg eit slikt testsenter lagt til Sykkylven, seier Stavseng.
Ho fortalde at dei sikta seg inn mot eit breiare felt enn berre møbelbransjen. For at senteret skal få gjere akkrediterte testar, er dei avhengig av at det er minst to tilsette.
Prisane for testane skal vere på linje med prisar i utlandet. I starten håpar dei å få litt inntekter på rådgiving og kurs, inntil ei akkreditering kjem på plass.
Håpar å starte testing neste år
Med seg i arbeidet har Stavseng ein rekke bransjefolk: Egil Sundet og Ida Oppen frå Norsk Industri, Arne Ove Grøvdal og Kurt Arild Dahle frå Wonderland, Jens Petter Brunstad frå LK Hjelle, Solveig Gaundal og Webjørn Jarnes frå Ekornes, i tillegg til Christian Lodgaard frå Flokk.
Etter å ha jobba ei periode med å undersøke behovet – og kva som er mogleg å få til – kunne Stavseng fortelje at dei har eit mål om å starte testing av møblar i 2025, og tekstilar på eit seinare tidspunkt.
– Det er mange nye miljøkrav som blir innført for desse bransjane, og det kjem fleire. Difor vil bedrifter både her i regionen og andre plassar i landet ha behov for å teste sine produkt, seier Stavseng.
Tilbakemeldingane på etableringa har vore unisont positive, kunne ho fortelje.
Tidlegare senter lagt ned
Nedlagde Riss Testlab i Sykkylven har tidlegare gjort slike akkrediterte testar for møbel- og designbransjen.
Grunna låg bemanning missa testlab-en retten til å drive akkrediterte testar i 2020. Mot slutten av 2023 blei senteret lagt ned, til fortviling for bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri.
Resultatet var at produsentar måtte sende produkta sine utomlands for å gjere testar etter europeiske kvalitetsstandardar.
I ettertid har Ekornes kjøpt utstyret til Riss, og gått inn i ein leigeavtale i same lokale. Planen er at eit nytt senter skal overta dette ved etableringa.
Publisert: 31.10.2024 15:20
Sist oppdatert: 31.10.2024 20:35