Runar Haugen Innovasjon Norge mobeltreff foto Marius
LEIAR EKSPORTSATSING: Runar Haugen er leiar for eksportsatsninga for vareproduksjon og design i Innovasjon Norge. Torsdag fortalde han om ordninga under møbeltreffet i Sykkylven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meir eksport avgjerande for betre lønnsemd i møbel

Norske produsentar er for avhengige av marknaden heime og skil seg for lite frå konkurrentane, meiner leiar for eksportsatsing.

Marius Rosbach
31.10.2024

Torsdag møtest møbelbransjen i Noregs møbelhovudstad Sykkylven til sitt årlege bransjetreff i sunnmørskommunen. 

Der fekk deltakarane mellom anna ei innføring i den nye eksportsatsinga til regjeringa som blei lansert tidlegare i år. Vareproduksjon og designbransjen var den fjerde næringa som blei blinka ut av regjeringa som satsingsområde.

Arbeidet blir leia av Runar Haugen ved Innovasjon Norge sitt kontor i Ålesund, i samarbeid med næringa sjølv. Undervegs i innlegget peika Haugen på at bransjen – som for tida er nede i ein bølgjedal – over tid har hatt for laber inntening. 

– Ein grunn er at aktørane har for lite eksportandel og er for avhengige av den norske marknaden, sa Haugen. 

Det er ei utfordring som i størst grad gjeld dei små- og mellomstore bedriftene i bransjen. 

– Heilt kritisk for å få opp lønnsemda
Å selje fleire møblar til utlandet, vil vere eit bidrag til meir lønnsam drift, meiner han. 

– Meir eksport er heilt kritisk for å få opp lønnsemda i denne bransjen, la han til. 

Om ein ikkje får til eit skikkeleg eksportoppsving, er Haugen overtydd om at det vil vere færre norske møbelprodusentar i løpet av få år, 

Det kan samtidig vere ei god løysing for fleire å tenke konsolidering, for å gjere drifta meir effektiv, spesielt for mindre aktørar, meiner han.

Sykkylven bransjetreff Runar Haugen foto Marius
MØBELTREFF: Kulturhuset i Sykkylven var for anledninga innreia med møblar frå lokale produsentar. Foto: Marius Rosbach

– For mange er «stuck in the midle»
Under bransjetreffet utfordra Runar Haugen også møbelprodusentane til å vere meir vågale, og ta tydelege val om kva dei skal vere best på. 

– Alt for mange er «stuck in the midle», og skil seg ikkje nok ut frå konkurrentane, sa han.

Norske produsentar har mykje merksemd om dei fysiske kvalitetsfordelane ved produkta deira.

Haugen rådde dei til å tenke meir på kva for kjensler dei kan vekke hos kundane, for å få dei til å ville betale meir for deira møblar og design. 

Eit siste tips var å slutte å bruke ordet «berekraft», og i staden fortelje om berekraftige val ved å bruke andre uttrykk. 

Budsjett på 20 millionar årleg
Eksportsatsinga som Runar Haugen leiar, har i utgangspunktet eit budsjett på 20 millionar kroner årleg. 

Gjennom ordninga vil bedrifter mellom anna få tilgang til midlar dei kan bruke til å reise på messer og nytte seg av ressursar både i verkemiddelapparatet og ved norske utanriksstasjonar.

På nyåret for bedriftene mellom anna tilbod om å vere med på eit nytt merkevare- og posisjoneringsprogram i regi av Innovasjon Norge. 

– Over nyttår startar vi eit program for å hjelpe norske møbelprodusentar med å kome i gong i Tyskland, som er den største marknaden for bransjen i Europa, seier Haugen.

Målet til eksportstrategien frå regjeringa som inkluderer fleire bransjar, er å auke eksporten frå fastlandsindustrien med 50 prosent innan 2030. 

Publisert: 31.10.2024 14:03

Sist oppdatert: 31.10.2024 20:25

Mer om