Laurdag heiser A Age Remoey Rem flagget paa nytt
REM OFFSHORE: Åge Remøy firer Rem-flagget 10. oktober 2016 etter å ha tapt kampen mot Lars Peder Solstad og Kjell Inge Røkke. Laurdag skal det same flagget heisast, og Rem Offshore flyttar tilbake til lokala i Fosnavåg sentrum.
Nytt

Laurdag heiser Åge Remøy Rem-flagget på nytt

- No flyttar vi endeleg heim att, seier Åge Remøy, og inviterer til folkefest i Fosnavåg.

31.10.2019
10. oktober 2016 firte ein rørt Åge Remøy Rem-flagget utanfor hovedkontoret i Fosnavåg sentrum etter å ha tapt kampen om offshoreselskapet mot Solstad og Røkke.
Laurdag 2. november 2019 skal flagget heisast på nytt.
- Det er det same flagget, det er det same selskapsnamnet og det er den same logoen.
- Vi skal også ha same fargen på skipa. Vi er tilbake for fullt, seier Remøy.

Nytt selskap nord for Stad

Saman med medinvestorane Magnus Roth og Thorsteinn Mar Baldvinsson har Åge Remøy bygt eit selskap med ti skip, der planen frå starten av var å byggje opp eit nytt offshoreselskap med base nord for Stad etter at Skudenes vart hovudbase både for Farstad Shipping og tidlegare Rem Offshore.
Det nye Fosnavåg-reiarlaget er bygt opp med base ved Havila-bygget Diamanten på Mjølstaneset i påvente av at Solstad skulle flytte ut sine tilsette frå dei tidlegare Rem-lokala i Fosnavåg.
Denne veka skjedde utflyttinga.

Skal synge med Bergsøy blandakor

Fredag skal Rem-logoen på nytt på plass i Fosnavåg sentrum, og laurdag klokka 12 skal Rem-flagget heisast til topps på nytt.
- Det vert stort, seier Remøy.
På plass vert også Bergsøy blandakor, der planen er at Remøy skal vere solist på eitt innslag.
- Alle er velkome til å feire saman med oss. Vi byr på kaffi, kaker og pølser, seier Remøy.

- Ein tragedie

Han meiner at det var ein tragedie at gamle Rem vart ein del av Solstad Offshore, eit selskap som har over 30 milliardar kroner i gjeld.
- Vi ser no at Solstad Offshore kjempar på kanten av stupet for å overleve, medan dei tidlegare Rem-båtane i konsernet gjer det bra, men er tynga av dei store problema for konsernet.
Samstundes meiner Remøy at det er eit sunt selskap som no flyttar inn i dei gamle Rem-lokala.
- Vi har greie kontraktar på alle skipa, og det ser bra ut framover.

18 tilsette flyttar inn

Totalt er det 18 tilsette som flyttar inn i lokala. I tillegg har selskapet tre tilsette i eit mannskapsselskap i bulgarske Varna.
- Du skal ikkje sjå vekk frå at det vert fleire båtar og tilsette etter kvart, seier Remøy.
Han er sjølv styreleiar i selskapet, medan sonen Fredrik Remøy er dagleg leiar.

Sparringspartner

Åge Remøy seier at han kjem til å ha den same rolla framover.
- I tillegg til å vere styreleiar, er eg sparringspartner når viktige avgjersler skal fattast.
Han seier at det gamle Rem-flagget har vorte tatt godt vare på i desse tre åra.
- Ja, det har eg hatt trygt plassert i ei skuffe i påvente av denne dagen.

Du skal ikkje sjå vekk frå at det vert fleire båtar og tilsette etter kvart

Publisert: 31.10.2019 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43