Lausund sikra sponsor inntektene
TO DAGAR: Dag Lausund i Innotown har gått attende til å arrangere konferansen over to dagar.
Nytt

Lausund sikra sponsor-inntektene

Innotown-sjef Dag Lausund frykta fleire aktørar i konferansemarknaden skulle gå ut over sponsorinntektene. Det skjedde ikkje.

08.05.2018
Med nykomaren "The North West" og nye konferansar i regi av Momentium på banen var det først og fremst tøffare konkurransen om sponsormidlar Dag Lausund i Innotown budde seg på.

I fjor hadde Innotwn-konferansen sponsorinntekter på 2,6 millionar kroner. Det same har konferansen fått inn i år, med Sparebanken Møre og Rolls-Royce Marine som dei to største sponsorane.

På engelsk

Til skilnad frå andre konferansar på Nordvestlandet er alle innlegga på Innotown på engelsk og programmet innretta mot også eit internasjonalt publikum.
I hovudsak byggjer Lausund opp eit program som femner vidt, utan eitt fast tema. Slik er det også i år, med sjakkspelar Gary Kasparov som det store trekkplasteret. Kasparov skal snakke om grensene for kunstig intelligens og konsekvensen for menneskleg kreativitet.
Laussund reknar med tilnærma fullt hus 29. og 30. mai, men seier folk dei siste åra kjøper billettar tettare opp til konferansestart enn før.

Må halde på særpreg

Eit vidtfemnande program og internasjonale foredragshaldarar er viktig for å skille seg ut frå resten av konferansetilbodet, meiner Lausund.
- Vi slåss om tida til folk. Viss vi blir for like dei andre så trur eg vi vil få det tøft, seie Lausund.
I år har han gått tilbake til å arrangere konferansen over to dagar, med festmiddag på kjøpet.
- Det var mange som syntest dei misste mykje av det sosiale, seier Lausund om å gå bort frå å arrangere alt på ein dag.

Publisert: 08.05.2018 15:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21