Neste tysdag vil truleg mange følgje spent med på kva næringsminister Iselin Nybø har å seie om framtida for maritim næring. Då presenterer statsråden stortingsmeldinga som vil legge føringar for den maritime politikken i åra framover.
I tillegg til at Nybø fortel om innhaldet i meldinga, har NHO og Norges Rederiforbund invitert til eit digitalt arrangement. Her blir det også samtaler med fleire frå bransjen.
Også Olympic Subsea-sjef Stig Remøy og Anette Bonnevie Wollebæk deltek i samtaler med NHO-sjef Ole Erik Almlid, direktør Harald Solberg i rederiforbundet og fleire andre.
Regjeringa bad allereie mot slutten av fjoråret, om innspel til meldinga, som også vil ta føre seg kva moglegheiter og kva utfordringar dei maritime næringane har.
– Vi er spesielt spent på om kondemneringsordninga for skip blir styrka, og om det kjem noko til verfta på dette området, fortel Kjetil Bollestad til NETT NO.
Verftet som no har kring 50 tilsette i arbeid, har planar om å starte resirkulering av skip. Bollestad påpeiker at det trengst eit visst volum for å få til god butikk og fleire arbeidsplassar. Han håpar det kjem tiltak som kan bidra til dette.
– Om det blir ei ordning med meir støtte til reiarlaga eller verfta, så bør skipa hoggast i Norge. Det handlar også om at eit land som Norge, der det byggast mange skip, bør ta ansvar på dette området, meiner han.
Etter fleire tøffe år som har tæra på økonomien, har mange verft problem med å stille eigenkapitalen som skal til for å få på plass kontraktar på bygging av nye skip.
– Nær sagt alle i næringa har jobba med å påverke i denne saka. Styresmaktene kan ikkje skape aktiviteten for oss, men dei kan vere med å legge til rette for at vi lettare kan få aktivitet, påpeiker Bollestad.
Andre kriseforslag som har vore på bordet er ei kompensasjonsordning som er utforma slik at den også treff større delar av den maritime industrien.
Nyleg at dei mellom anna vil foreslå at alle nye ferjer skal vere låg- eller utsleppsfrie frå 2023, og at tilsvarande krav vil kome før hurtigbåtar og båtane i havbruksnæringa. Det er venta at dette blir lagt fram i ei klimaplan før jul.
Kleven-sjefen meiner slike tiltak er gode døme på korleis styresmaktene kan bidra til auka aktivitet. Til dømes elektrifiseringa av ferjeflåten har gitt mykje arbeid til den maritime bransjen, og slike tiltak vil truleg gjere at den utviklinga held fram.
– Det er veldig viktig at vi held på den verdsleiande kompetansen vi har i heile næringskjeda. Dette vil også bidra til at vi lettare kan omstille oss til andre marknader, påpeiker Bollestad.
I tillegg til at Nybø fortel om innhaldet i meldinga, har NHO og Norges Rederiforbund invitert til eit digitalt arrangement. Her blir det også samtaler med fleire frå bransjen.
Sending frå Ulsteinvik
Det blir digitale sendingar frå Oslo, Bergen og Ulsteinvik, der mellom anna administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven Green Yard deltek.Også Olympic Subsea-sjef Stig Remøy og Anette Bonnevie Wollebæk deltek i samtaler med NHO-sjef Ole Erik Almlid, direktør Harald Solberg i rederiforbundet og fleire andre.
Regjeringa bad allereie mot slutten av fjoråret, om innspel til meldinga, som også vil ta føre seg kva moglegheiter og kva utfordringar dei maritime næringane har.
Spent på vrakpantordning
Dei store verfta slit i motbakke og for Kleven, som blei råka av konkurs tidlegare i år, er det ekstra tøffe tider.– Vi er spesielt spent på om kondemneringsordninga for skip blir styrka, og om det kjem noko til verfta på dette området, fortel Kjetil Bollestad til NETT NO.
Verftet som no har kring 50 tilsette i arbeid, har planar om å starte resirkulering av skip. Bollestad påpeiker at det trengst eit visst volum for å få til god butikk og fleire arbeidsplassar. Han håpar det kjem tiltak som kan bidra til dette.
– Om det blir ei ordning med meir støtte til reiarlaga eller verfta, så bør skipa hoggast i Norge. Det handlar også om at eit land som Norge, der det byggast mange skip, bør ta ansvar på dette området, meiner han.
Håpar på garantihjelp
Det har vore ein rekke innspel frå næringa om kva som kan gjerast for å hjelpe næringa litt ekstra gjennom koronakrisa. Eit tiltak som Kleven-sjefen håpar blir ein realitet, er at GIEK får moglegheit til .Etter fleire tøffe år som har tæra på økonomien, har mange verft problem med å stille eigenkapitalen som skal til for å få på plass kontraktar på bygging av nye skip.
– Nær sagt alle i næringa har jobba med å påverke i denne saka. Styresmaktene kan ikkje skape aktiviteten for oss, men dei kan vere med å legge til rette for at vi lettare kan få aktivitet, påpeiker Bollestad.
Andre kriseforslag som har vore på bordet er ei kompensasjonsordning som er utforma slik at den også treff større delar av den maritime industrien.
Kjem til å krevje utsleppskutt
På lengre sikt er det klart at regjeringa vil halde fram politikken om å støtte omlegging i meir miljøvennleg retning, og å utvikle teknologi som kan bidra til dette.Nyleg at dei mellom anna vil foreslå at alle nye ferjer skal vere låg- eller utsleppsfrie frå 2023, og at tilsvarande krav vil kome før hurtigbåtar og båtane i havbruksnæringa. Det er venta at dette blir lagt fram i ei klimaplan før jul.
Kleven-sjefen meiner slike tiltak er gode døme på korleis styresmaktene kan bidra til auka aktivitet. Til dømes elektrifiseringa av ferjeflåten har gitt mykje arbeid til den maritime bransjen, og slike tiltak vil truleg gjere at den utviklinga held fram.
– Det er veldig viktig at vi held på den verdsleiande kompetansen vi har i heile næringskjeda. Dette vil også bidra til at vi lettare kan omstille oss til andre marknader, påpeiker Bollestad.
Les også:
Klinge:
Analyse:
Synspunkt:
Styresmaktene kan ikkje skape aktiviteten for oss, men dei kan vere med å legge til rette for at vi lettare kan få aktivitet
Publisert: 01.12.2020 05:55
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:06