I Søvik er ein ny hall for snurpenotbøting under bygging, til mellom 16 og 17 millionar kroner. Den skal vere klar til bruk seinsommaren 2015. Notbøteriet i Spjelkavika, med fem årsverk, blir lagt ned.
- Det blir stadig mindre reparasjon og vedlikehald, seier konsernsjef Knut Berge i Mørenot.
Grunnen er at det i stigande grad blir billegare å kjøpe nytt i staden for å bøte nøtene. Difor vil Mørenot samle snurpenotbøtinga på ein plass.
Samstundes som Mørenot investerer i ny hall for notbøting i Søvik, er selskapet i ferd med å investere "nokre til-tals millionar" i serviceanlegg retta mot oppdrettsnæringa fleire stadar langs kysten. Berge vil ikkje vere meir nøyaktig om beløpet, og seier nokre av investeringane alt er i gang, andre er under planlegging.
Det er snakk om serviceanlegg på Radøy i Hordaland, Karmøy i Rogaland, Vevang i Eide i Møre og Rosmdal og Hammerfest i Finnmark.
I tillegg til anlegga sine i Noreg er Mørenot etablert i Skottland, Spania og på Island, og har ein omfatande produksjon i dotterselskaept sitt i Kina.
- Det blir stadig mindre reparasjon og vedlikehald, seier konsernsjef Knut Berge i Mørenot.
Grunnen er at det i stigande grad blir billegare å kjøpe nytt i staden for å bøte nøtene. Difor vil Mørenot samle snurpenotbøtinga på ein plass.
Ingen oppseiingar
Det er ikkje planlagt oppseiingar på grunn av nedlegginga av notbøteriet i Spjelkavik, men det er førebels ikkje avklart kva som blir tilbodet til dei tilsette der. I tillegg til hovudanlegget i Søvik har Mørenot og anlegg i Gangstøvika i Ålesund.Samstundes som Mørenot investerer i ny hall for notbøting i Søvik, er selskapet i ferd med å investere "nokre til-tals millionar" i serviceanlegg retta mot oppdrettsnæringa fleire stadar langs kysten. Berge vil ikkje vere meir nøyaktig om beløpet, og seier nokre av investeringane alt er i gang, andre er under planlegging.
Det er snakk om serviceanlegg på Radøy i Hordaland, Karmøy i Rogaland, Vevang i Eide i Møre og Rosmdal og Hammerfest i Finnmark.
Oppdrett, fiske og offshore
Mørenot-konsernet har nesten 500 tilsette. Selskapet er leverandør av nøter, liner, spesialtauverk og utstyr for fiske, oppdrett og offshoremarknaden. Som ein del av offshore-satsinga har selskapet har og utvikla utstyr for å skille seismikk-kablane frå kvarandre.I tillegg til anlegga sine i Noreg er Mørenot etablert i Skottland, Spania og på Island, og har ein omfatande produksjon i dotterselskaept sitt i Kina.
Det blir stadig mindre reparasjon og vedlikehald
Publisert: 05.02.2015 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40






