Legg tre skip i opplag
I OPPLAG: Stig Remøy og Klevendirektør Ståle Rasmussen ved dåpen av inspeksjons- og vedlikehaldsfartyet "Olympic Delta" i juli. I dag varsla Remøy at han legg tre skip i opplag.
Nytt

Legg tre skip i opplag

Stig Remøys Olympic Shipping legg tre skip i opplag og permitterer 60 tilsette.

16.10.2015
Det er to ankerhandteringsfarty og eit plattformforsyningsfarty som blir lagt i opplag.
Frå før har reiarlaget eitt skip i opplag.

Permitterer

Skipa blir i utgangspunktet lagt i opplag for meir enn tre månadar.
Skal skip i leggast i opplag i inntil tre månadar kan reiarlaget permittere tilsette på skipa som blir lagt i bøyene. Skal dei ligge i opplag lenger enn det må dei som skal permitterast plukkast ut frå heile reiarlaget, etter ansiennitet. Det er det som skal skje her, i følgje pressemeldinga.

Krevjande situasjon

- Dei tillitsvalde og tilsette er varsla, og vi arbeider i fellesskap for å finne så gode løysingar som råd i denne krevjande situasjonen, seier Stig Remøy, administrerande direketør i Olympic Shipping i pressemeldinga.
I tillegg til dei 60 eigne tilsette blir også avtalane med innleigde folk på avslutta.

Publisert: 16.10.2015 14:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48