Daniel Garden Maritime Monterin ute foto Marius 1
SOLID POSISJON: Innreiingsspesialistane i Maritime Montering hadde ein halv milliard i omsetning i fjor - og leverte solid overskot. Ein variert portefølje er noko av nøkkelen til at dei no kan vurdere både investeringar og oppkjøp, fortel Daniel Garden. Han leiar konsernet frå «Tik-bygget» i Ørsta sentrum.
Nytt

Leier Sunnfjord-konsern med verksemd i seks land frå Ørsta

Maritime Montering har vore gjennom dramatiske år. No er Daniel Garden trygg på kursen.

Marius Rosbach
26.07.2025

Maritime Montering-konsernet spring ut av bygda Bygstad i Sunnfjord. Men verksemda går føre seg over store delar av verda. 

Konsernet leverer komplette innreiingsløysingar for skip – som inkluderer alt frå isolasjon og stålkonstruksjonar, til møblar, tepper og duftlys. 

I underkant av 700 personar jobbar i konsernet som består av 12 selskap i seks ulike land. Det heile blir leia av Daniel Garden frå kontoret deira i Ørsta.

– No er vi to personar som jobbar herifrå. Også jobbar finansdirektøren vår, Monica Tennøy, frå Molde og nokre gonger her, fortel Garden då Nett No er innom på besøk. 

Maritime Montering isolering foto Maritime Montering
INNREIINGSOPPDRAG: Maritime Montering utførar alt av innreiing om bord på båtar. Frå isolasjon til veggar, tak og ferdig møblert. Foto: Maritime Montering

Har produksjon i Europa og Asia
Takka vere nye moglegheiter til å kommunisere digitalt, fungerer det fint å ha ein konsernsjef i dagleg arbeid 200 kilometer vekke frå hovudkontoret i Bygstad. 

Produksjonen går føre seg ved anlegg i Polen, Romania, Kina og India, Tyrkia – og i Sunnfjord-bygda. 

– Vi som jobbar i konsernstaben har kontakt med alle selskapa, og dei ligg mykje lenger vekke, seier Garden. 

– Bygstad er heller ikkje verdas navle når ein skal rekruttere spesialkompetanse. Eit kontor her i Ørsta gir større moglegheiter til å rekruttere, og gjer at vi kan tilby alternative kontorplassar, legg han til. 

Eit kontor her i Ørsta gir større moglegheiter til å rekruttere
Daniel Garden

Vurderer å flytte hovudkontoret til Ørsta
Maritime Montering blei etablert i 1981 av Odd og Signe Birkeland. I dag eig sonen Steffen André Birkeland 60 prosent, medan Odd Birkeland eig 40 prosent.

– Dei er framleis aktivt med og nysgjerrige på kva båtar vi jobbar med, dei tekniske løysingane og korleis det går med salet, fortel konsernsjefen. 

Eit alternativ med å flytte hovudkontoret til Ørsta, ligg på bordet for vurdering. Garden fortel at eigarane har ei praktisk innstilling til ei slik endring – sjølv om tilknytinga til Bygstad er sterk. 

– Aktiviteten i det største enkeltselskapet vårt skjer framleis på Bygstad. Dei har ei omsetning på over 200 millionar kroner årleg, legg han til. 

Daniel Garden Maritime Montering inne foto Marius
GLOBAL VERKSEMD: Maritime Montering-sjef Daniel Garden har faste kontaktpunkt med dei ulike delane av verksemda som strekker seg frå Norge til Kina. Han har fått rutine på å legge Asia-møter tidleg på dag grunna tidsskilnaden.

Svært nøgd med fjorårstala
Konsernet kunne nyleg legge fram ein rekneskap for 2024 med ei omsetning på 497 millionar kroner – opp kring 60 millionar frå året før. 

Overskotet vart også solid med eit resultat før skatt på nær 19 millionar. 

Maritime Montering (konsern)  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt496,2438,4
Driftsresultat21,559
Resultat før skatt18,954,3

Daniel Garden seier ser svært nøgd med fjorårstala. Ikkje minst fordi situasjonen kunne vore ganske annleis. 

Har vore gjennom dramatiske år
Konsernet har vore gjennom fleire motbakkar, sist under pandemien. Ein konkurs hos ein samarbeidspartnar nokre år før, gjorde at mykje av eigenkapitalen gjekk tapt.

– Det var dramatisk. Og det som berga oss, var at vi hadde sjølvstendige selskap i ulike land, seier Garden. 

Då Covid-19 trefte den maritime industrien i 2020 var økonomien svekka, og konsernet måtte sjølv slå sitt nederlandske selskap konkurs i 2023. 

– Ei veke etter eg starta i jobben måtte eg reise ned dit for å handtere den situasjonen, seier han vidare.

Vurderer investeringar og oppkjøp
Trass i utfordringane leverte Maritime Montering-konsernet samla eit svært godt resultat i 2023. Det bidrog sterkt til at konsernet no er i ein solid økonomisk situasjon. 

Eigenkapitalen var på kring 214 millionar ved inngangen til 2025. Samtidig var den langsiktige gjelda på 17 millionar kroner. 

– Vi bygger eigenkapital og held gjelda låg. Det gir oss handlefridom – både til investeringar og oppkjøp når det passar, seier Garden.

I løpet av dei siste åra har dei jobba med å etablere ein ny struktur i konsernet. Nye krav til dokumentasjon og berekraft har også tvunge fram nye måtar å jobbe på. 

– Du må vera digital og vera til stades, og du må kunna levera på det kundane spør etter, seier Garden. 

Maritime Montering innredning fiskebat foto Maritime Montering
FISKEBÅT: Oppdrag om bord på fiskebåtar har gitt mange oppdrag til Maritime Montering dei siste åra. Framover er ordreboka variert mellom ulike segment. Foto: Maritime Montering

I ferd med å overta ny fabrikk i India
Målt etter talet på tilsette har konsernet no størst verksemd i India. 

Konsernet har avdelingar fem ulike plassar rundt om i det store og folkerike landet.  

– Vi gjekk inn i India for 15 år sidan og bygde opp eit selskap saman med lokale investorar. Så kjøpte vi dei gradvis ut og no har vi ei bedrift med kring 180 indiske tilsette og tre nordmenn i styret, fortel Garden.

I desse dagar er det óg i ferd med å kjøpe opp ein ny fabrikk her som driv produksjon av tynnplater i stål. Dei lagar skap og modulløysingar som kan nyttast til benkar og møblar ein rekke ulike plassar om bord i eit skip.

– Dei dei skal i første rekke produsere for selskapet vårt i India. Så vil vi vurdere å utvide fabrikken etter kvart, legg han til. 

– Vi er veldig godt spreidd
Å vere til stades i ulike land og marknader gir lågare risiko, om det skulle svikta på eit eller to område. Det er heilt sentralt i strategien fortel Garden.

– Vi er veldig godt spreidd både geografisk og på ulike skipssegment, seier han. 

I 2024 jobba Maritime Montering med fiskebåtar i Danmark og på Færøyane, offshorefartøy ved verft på Vestlandet og i Tyrkia, i tillegg til militærfartøy i Polen og India. 

Maritime Montering Karstenstens foto Maritime Montering
DANMARK: Maritime Montering er fast leverandør av innreiing for Karstensens Skibsværft i Danmark. Her har mange norske fiskebåtreiarar fått bygd båtar dei siste åra.

Fast leverandør til Karstensens-verftet
Ein rekke fiskebåtreiarar har dei siste åra bygd båtar ved Karstensens Skibsværft i Danmark. Der er Sunnfjord-konsernet fast leverandør av innreiing. 

– Det er har vore nokre år med veldig mange fiskebåtar, men óg ein del militære fartøy. Også har vi begynt å komme oss inn på «short-sea»-segmentet med fleire norske reiarlag, seier Garden. 

Konsernet har òg jobba med spesialprosjekt, som det gigantiske offshore-oppdrettsanlegget til Nordlaks. 

Har aldri høyrt snakk om å selje
Garden kom til toppjobben i Maritime Montering  etter å ha vore klyngeleiar for GCE Blue Maritime Cluster.

Etter to år i sjefsstolen er Garden trygg på kursen vidare. 

– No har vi fått på plass ein strategi som heile konsernet står bak: Å vere solid, handlekraftig, langsiktig. Det er det som gir resultat over tid. Vi skal ikkje vekse for vekstens skuld, seier han.

Han har aldri høyrt eigarane i Birkeland-familien snakke om at det kan vere aktuelt å selje.  

– Eg trur ikkje dei ein gang har tenkt tanken. Odd Birkeland starta med to tomme hender i garasjen heime, og bygde opp selskapet til det konsernet det er blitt i dag. Og no er junior i ferd med å ta over, seier Garden. 

– Mitt inntrykk er at eigarane har det eg vil kalle ei sunn vestlandsk gründerhaldning, om at «ein sel ikkje vekk familiegarden». 

Publisert: 26.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 29.07.2025 07:42

Mer om