Klevenkonsernet sende i formiddag ut melding om at det blir leiarskift i konsernet.
Ståle Rasmussen går av, og arbeidet med å finne ny sjef er i gang.
Rasmussen har arbeidd i Klevenkonsernet sidan 2002. Frå 2008 har han vore konsernsjef.
- Dette er riktig tidspunkt å gjere ei endring på. Selskapet har vore gjennom ei avgjerande periode med å skaffe nye eigarar, og det var viktig for meg å vere på plass i heile denne fasen. Eg ynskte ikkje å vere ein kaptein som forlet skuta før ho var berga. Det er naturleg med eit skifte no, med nye eigarar og nytt styre på plass, seier Ståle Rasmussen i ei pressemelding.
Rasmussen skal sitte som konsernsjef fram til det er avklart kven som blir nye sjef, i følgje pressemeldinga.
I august gjekk Hans Kristian Opsal av som leiar for Klevenselskapet Myklebust Verft, og blei erstatta av Inge Jonny Hide.
Nye eigarar kom inn, mellom dei Åge Remøy, Hurtigruten-aksjonærane med Petter Stordalen i spissen og det tyske verftskonsernet Lüssen, saman med deler av Klevenfamilien.
I løpet av 2015 og 2016 gjekk Kleven-konsernet med 579 millionar kroner i underskot etter tap på fleire kontraktar.
- Vi ser etter ein god leiar som kan bringe Kleven vidare. Det er ønskeleg at vedkomande skal bu i Ulsteinvik eller nærområdet, seier Teksum.
Han karakteriserier det Kleven har vore gjennom som ei veldig djup krise, og ei tøff og intens periode for å få refinansiert selskapet.
- Dette har vore ei krise som ei heil næring har gått gjennom fråp 2013/2014 og fram til no, og som har vore veldig djup, seier han.
Ståle Rasmussen går av, og arbeidet med å finne ny sjef er i gang.
Rasmussen har arbeidd i Klevenkonsernet sidan 2002. Frå 2008 har han vore konsernsjef.
- Dette er riktig tidspunkt å gjere ei endring på. Selskapet har vore gjennom ei avgjerande periode med å skaffe nye eigarar, og det var viktig for meg å vere på plass i heile denne fasen. Eg ynskte ikkje å vere ein kaptein som forlet skuta før ho var berga. Det er naturleg med eit skifte no, med nye eigarar og nytt styre på plass, seier Ståle Rasmussen i ei pressemelding.
Rasmussen skal sitte som konsernsjef fram til det er avklart kven som blir nye sjef, i følgje pressemeldinga.
Andre leiarskiftet
Rasmussens avgang er den andre av toppleiarane som går av i Kleven på kort tid.I august gjekk Hans Kristian Opsal av som leiar for Klevenselskapet Myklebust Verft, og blei erstatta av Inge Jonny Hide.
Store tap
Klevenkonsernet fekk tidlegare i haust på plass ei refinansiering av selskapet etter store tap.Nye eigarar kom inn, mellom dei Åge Remøy, Hurtigruten-aksjonærane med Petter Stordalen i spissen og det tyske verftskonsernet Lüssen, saman med deler av Klevenfamilien.
I løpet av 2015 og 2016 gjekk Kleven-konsernet med 579 millionar kroner i underskot etter tap på fleire kontraktar.
Grundig prosess
Styreleiar Leif Teksum seier styret går breitt ut og har også bedt om hjelp frå eit rekrutteringselskap for å finne ny Klevensjef.- Vi ser etter ein god leiar som kan bringe Kleven vidare. Det er ønskeleg at vedkomande skal bu i Ulsteinvik eller nærområdet, seier Teksum.
Djup krise
Fram til nye leiar er funnen skal Rasmussen arbeide som konsernsjef. Kva som skjer deretter vil han ikkje kommentere ut over at det "er prosjekt på gang" og at det er knytta til industri.Han karakteriserier det Kleven har vore gjennom som ei veldig djup krise, og ei tøff og intens periode for å få refinansiert selskapet.
- Dette har vore ei krise som ei heil næring har gått gjennom fråp 2013/2014 og fram til no, og som har vore veldig djup, seier han.
Publisert: 21.11.2017 12:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16






