Pengar til Strynefjellstunnel
Regjeringspartia vil løyve ein halv milliard kroner for å få byggestart for nye Strynefjellstunnel.
- Vi har fått opplyst av våre folk på Stortinget at i innstillinga frå transportkomiteen til nasjonal transportplan vil Krf, Høgre og Venstre sette av 500 millionar kroner i oppstartmidlar til nasjonal transportplan, seier Stad-ordførar og venstremann Alfred Bjørlo til NETT NO.
Pengane skal kome i første del av nasjonal transportplan for 2022-2033, og vil i følgje Bjørlo bety at vi får sjå at det fysiske arbeidet med ein ny tunnel tek til om få år.
"No er det ingen tvil: Det BLIR ny tunnel på Rv15 Strynefjellet – kampen er vunnen! Eg er på vegne av Venstre utruleg glad for at regjeringspartia no står samla om oppstartsløyving i første periode av NTP. Eg vil særleg takke næringslivet for eit enormt engasjement i saka. Konvoien sist søndag gjorde inntrykk og var med å sikre gjennomslag i siste sving, seier Alfred Bjørlo i ei felles pressemelding frå Høgre, Venstre og Krf i Sogn og Fjordane.
Tidlegare har både Ap, Frp og Senterpartiet varsla at dei vil prioriterer ny Strynefjellstunnel og ha den med i første periode av den nasjonale transportplanen, etter at regjeringa hadde tatt den ut av sitt framlegg. No vil altså også regjeringspartia ha ny Strynefjellstunnel inn i planen.
Dette betyr at Strynefjellestunnel heilt sikkert kjem inn i planen på eit vis.
Publisert: 03.06.2021 20:31
Sist oppdatert: 03.06.2021 20:56