Strynefjelltunnel erna solberg montasje 11
IKKJE NY TUNNEL: Prosjektet med ny tunnel på Strynefjellet er mellom prosjekta som ikkje er med i transportplanen regjeringa med Erna Solberg i spisse, la fram fredag. Foto: Wikimedia Commons/Skjermdump regjeringen.no
Nytt

Strynefjellstunnelen ikkje med i planen

Møreaksen, Lerstadvegen og Stad skipstunnel er mellom prosjekta regjeringa vil prioritere dei neste åra.

Marius Rosbach
19.03.2021

Fredag la regjeringa fram forslag til ny Nasjonal Transportplan for 2022-2033.

Det meste av store prosjekt til Nordvestlandet var kjent på førehand, som Møreaksen, Stad skipstunnel og Voldatunnelen.

Statsminister Erna Solberg påpeika under pressekonferansen at noko av det viktigaste målet med samferdselssatsinga, er å bygge saman bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Då trekte ho fram Møreaksen som det første døme.

Kryssinga av Romsdalsfjorden er inne med 2,5 mrd. i første periode og 17,8 mrd. i andre periode. I tillegg kjem 4 mrd. i bompengar.

Det same er mellom anna fire-felts veg i tunnel Lerstad-Breivik med 445 millionar. Resten av det største prosjektet i bypakka i Ålesund skal betalast med bompengar.

Sjå løyvingar til prosjekt på Nordvestlandet under

Ikkje ny Strynefjellstunnel
Mellom dei som vil vere skuffa, er tilhengarane av ny tunnel på riksveg 15 over Strynefjellet.

Transportør Rolf Olav Tenden fortalde til NETT NO i haust at ulempene dei opplever på dagens strekning over fjellet. Han håpte på planleggingsmidlar til ny tunnel.

– Det kan i tillegg løyse ut heilårstrafikk til Geiranger og er ein tryggleik om det skulle skje ei rasulukke i Storfjorden, sa han.

Hafast ikkje nemnt
Eit anna prosjekt som ikkje er nemnt, er Hafast-sambandet som del av ny ferjefri E39. Solberg påpeika at det var ei endring frå tidlegare at prosjekt som kan kome inn i siste del av planperioden, ikkje er namngitt.

– Vil ikkje binde oss til løysingar som kan gå ut på dato, la ho til.

E136 i Romsdalen er overført til Nye Veier, som har spelt inn at dei vil bruke tre milliardar på strekninga.


Prosjekt for porteføljestyring på Nordvestlandet

Antall millionar 2022-27 (2028-33 i parentes)

Stad Skipstunnel 2.707 mill.

E39 Ålesund–Molde Store prosjekt (Møreaksen) 2.500 mill. (17.840 - pluss 4.000 i bompengar)

E136 Breivika–Lerstad (Bypakke Ålesund) Store prosjekt 445 mill.

E39 Hjelset–Bjerkeset Utbedringsprosjekt 500 mill.

E39 Lønset–Hjelset Binding 511 mill.

E39 Bergsøya–Øygarden Utbedringsprosjekt 121 mill. (300)

E39 Storehaugen–Førde Store prosjekt 1.300 mill. (1.518)

E39 Volda–Furene Store prosjekt 300 mill. (406 - pluss 306 i bompengar)

E39 Ørskogfjellet Binding 14 mill.

Gjøsund Forskuttering 63 mill.(42)

Fosnavåg Forskuttering 65 mill. (44)

Røyrasundet–Svædet Farvannstiltak 125 mill.

Sjå omtale av prosjekt i Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Sjå omtale av prosjekt i Vestland (ekstern lenke)

Les heile transportplanen her (lenke til pdf)

Sjå opptak frå pressekonferansen:

Nasjonal Transportplan

Nasjonal transportplan er ein plan for transport og samferdselsprosjekt i Noreg, som regjeringa legg fram. Stortinget vil seinare ta stilling til planen.

Nasjonal transportplan 2022–2033 får ei totalramme på 1.200 milliardar kroner. Bompengar står for 123 milliardar kroner av ramma.

Regjeringa foreslår mellom anna at fylkesvegar skal få totalt 52,4 milliardar kroner.Det blir òg opp lagt til ei auka satsing på skredsikring, 33 milliardar kroner til sjøtransporten, utbetring av farvatn fleire stader og utbetring av eksisterande vegstrekningar.

(kjelde: NPK)

Publisert: 19.03.2021 12:32

Sist oppdatert: 19.03.2021 20:45

Mer om