– Gladnyheit for heile søre Sunnmøre og Geiranger
Det er fleirtal på Stortinget for å ta inn ny Strynefjellstunnel med arm til Geiranger i transportplanen.
Torsdag la Framstegspartiet fram sitt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP) for åra 2022 til 2033.
Her kjem det mellom anna fram at partiet vil prioritere ny tunnel på riksveg 15 over Strynefjellet.
Frank Sve fortel at Frp vil at Statens vegvesen skal bygge ut riksveg 15 over Strynefjellet med ein arm til Geiranger. I første rekke dreiar det seg om å bruke kring 4,4 milliardar på ny tunnel på strekninga.
Er sikre fleirtal med Ap og Sp
Det gjer at prosjektet har fleirtal på Stortinget og truleg kjem inn i transportplanen, etter at regjeringa tok Strynefjellet ut av sitt forslag.
– Det vil føre til at regjeringa tapar på det punktet, og er ei gladnyheit for heile søre Sunnmøre og Geiranger, påpeiker Sve til NETT NO.
Vi legg inn éin milliard kroner i første periode og 3,4 milliardar i andre periode
Aps Per Vidar Kjølmoen har tidlegare vore tydeleg på at partiet vil prioritere Strynefjellet som nytt prosjekt i NTP.
Torsdag stadfestar Senterparti-politikar Erling Sande frå Gloppane til NETT NO at partiet har lagt inn ny Strynefjellestunnel i sitt forslag til NTP.
– Vi legg inn éin milliard kroner i første periode og 3,4 milliardar i andre periode, forel toppkandidaten i Sogn og Fjordane til NETT NO.
Eit skritt vidare
Riksveg 15 går frå Måløy via Strynefjellet til Otta i Gudbrandsdalen. Strekninga er viktig for det eksporttunge distriktet sør for Ålesund.
Eit fleirtal på Stortinget betyr ikkje at det er sikra pengar til bygging. Men med plass i dokumentet, er prosjektet eit skritt nærare realisering.
– Det er fint at Frp også går inn for prosjektet og sluttbehandlinga i Stortinget blir spennande, legg Erling Sande til.
Partia har ulike måtar å finansiere samferdslepolitikken sin på, men Sande trur ikkje det vil hindre riksveg 15-prosjektet i å kome med i transportplanen som snart kjem til behandling.
(saka held fram under)
Frp vil ha E39 Blindheim-Breivika øvst
Øvst på prioriteringslista til Frp i Møre og Romsdal står E39 Blindheim-Breivika med Veibustkrysset.
– Her køyrer det 30.000 bilar i døgnet, og det er den einaste strekninga med behov for fire-felts motorveg. Det er ein gedigen flaskehals, som fører til stor frustrasjon både sørover, innover og i retning Ålesund, seier Frank Sve om kvifor dei set prosjektet øvst.
Partiet vil også overføre kryssing av Romsdalsfjorden med ny E39 til Nye Veier, med Romsdalsaksen eller ferje som alternativa. Møreaksen er ikkje eit alternativ for Frp.
Vidare går Frp inn for at overføre fylkesveg 60 som mellom anna går mellom Hellesylt og Hornindal til Staten. Det same vil dei med fleire andre fylkesstrekningar som tidlegare har vore riksvegar, som fylkesveg 615 mellom Storebru i Kinn og Sandane i Gloppen.
Les meir om Frp sitt NTP-forslag (ekstern lenke)
Publisert: 27.05.2021 11:06
Sist oppdatert: 10.06.2021 09:53