Leroey ventar meir fraa fiskerisatsinga
GODT OG STABILT: Havfisk og Norway Seafoods gav konsernsjef Henning Beltestad (t.v) eit godt resultat i fjor. Han ventar at 2018 blir likeeins, men meiner det etterkvart er råd å få enda meir ut av fiskeriverksemda. Frå venstre; Havfisksjef Webjørn Barstad, finansdirektør Eldar Farstad i Havfisk og Norway Seafoods-sjef Thomas Farstad.
Nytt

Lerøy ventar meir frå fiskerisatsinga

Lerøy Seafood Group trur det er meir å hente frå fiskerisatsinga.

27.02.2018
Oppdrettskonsernet kjøpte fiskebåtreiarlaget Havfisk i Ålesund og søsterselskapet, fiskeindustriselskapet Norway Seafoods, hausten 2016. 2017 var det første heile driftsåret under Lerøy-paraplyen for dei to selskapa.
I 2017-reknskapen blir resultata for dei to selskap slått saman og presentert som villfisk-segmentet, med ei samla driftsinntekt på 2760 millionar kroner og eit driftsresultat på 386 millionar kroner. Lerøy trur på eit 2018-resultat omlag på same nivå, men satsar på å hauste større lønsemd etterkvart:
"Gjennom Lerøy Seafood Group sin veletablerte integrerte verdikjede for rødfisk, foreligger et vesentlig potensiale til økt verdiskaping gjennom en ytterligere utvikling av markedet for hvitfisk, herunder styrke konsernets posisjon som leverandør av fersk/«refreshed» sjømat med et fullt assortiment av sjømatprodukter.", skriv Lerøy Seafood Group i årsrapporten for 2017.

Auka fangst

Havfisk auka det samla fangstvolumet med fem prosent i fjor, eit år som blei avslutta med eit sistekvartal der prisen på torsk og hyse var høgare og seiprisen lågare enn i same periode i 2016.
I år er torske og hysekvoten redusert, men blant anna takka vere rekefiske og forventingar om tildeling av ekstra kvote i løpet av året anslår Havfisk at totalt fangsvolum ikkje går ned meir enn frå i overkant av 67.000 tonn til 65.000 tonn.

10 skip, åtte anlegg

Gjennom Havfisk og Norway Seafoods eig Lerøy-konsernet 10 havgåande fiskefarty, som har torsk, sei og hyse som viktigaste fiskeslag, og åtte fiskeforedlingsanlegg i Noreg.
Heilt frå Norway Seafoods ble kjøpt har Lerøy-konsernet sagt at målet er å oppretthalde vidareforedling i Noreg, samstundes som det har bedt om at vilkårar for ved kva for anlegg produksjonen skal skje blir mjuka opp. Fiskeriminister Per Sandberg er no i gang med eit nytt forsøk på å legge om regelverket, etter å ha mislukkast i første runde. Då kom han med eit framlegg om oppmjuking, som ville gjort at Lerøy Seafood Group måtte gi frå seg 20 prosent av fiskekvotane i bytte mot større fridom for kvar fisken skal leverast.

Publisert: 27.02.2018 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18