Leverer framdriftssystem til Brim-båt
Acel-selskap med oppdrag på den nye båten Brødrene Aa byggjer.
Trondheims-baserte Haf Power Solutions leverar framdriftssystemet til Brim Explorer sitt fartøy «MS Bris», ifølgje ei pressemelding frå selskapet.
Dette blir den tredje sightseiing-båten til reiarlaget og om bord kjem ei batteripakke med kapasitet på 800 kilowatttimar. Det skal gjere at båten kan operere heile dagen utan behov for å lade batteria.
«Innovativt og fremoverlent»
Styreleiar Kjell-Christian Krohn-Dale I Haf Power Solutions fortel at det er viktig for dei å vere med i eit så «innovativt og fremoverlent» prosjekt.
Ålesundaren som også er styreleiar i Acel, meiner Brim Explorer heile tida har vore ein «spydspiss i skiftet til miljøvennleg turisme» med sine båtar.
Haf Power Solutions er eigd i fellesskap av Acel og Høglund Marine Automasjon som har base i Sem på Austlandet.
Skal vere klar i 2022
Dei to første Brim-båtane blei bygd ved Maritime Partner i Ålesund. Båt nummer tre skal byggjast ved Brødrende Aa i Hyen, og og blir bygd med karbonfiberskrog - som er verftet sin spesialitet.
Båten skal vere klar for turisttrafikk i Oslofjorden til sommaren 2022 og skal kunne gå berre på batteri. Dei to første, som blei bygd for å operere i Nord-Noreg kombinerte batteri-. og dieseldrift.
Publisert: 18.01.2022 12:34
Sist oppdatert: 18.01.2022 12:45