Leverte årets første lodde til rognproduksjon
Strand Senior først ute på Hjørungavåg - men skipperen skulle gjerne sett at prisen var høgare.
Strand Senior er mellom båtane som fekk solid fangst på loddefiske i helga.
Måndag blei båten den første som leverte fangst for rognproduksjon ved Pelagia Liavåg på Hjørungavåg i Hareid. Fisk til rognproduksjon gir betre prisar enn til konsumpakningar.
Blir selt til Japan
Strand Senior og fleire andre båtar melde denne veka om fangstar med over 20 prosent rogninnhald og overvekt av ho-lodde. Begge deler er i utgangspunktet godt nytt og gjer at anlegga får ut meir rogn per fisk.
– Dette går til rognproduksjon og blir selt til Japan, stadfestar skipper Frank Eivindsen til NETT NO.
Ålesund-båten fekk først 700 tonn seint torsdag førre veke, og 130 tonn fredagen. Han fortel at dei leita etter meir lodde utover dagen - utan å lukkast. Difor sette dei kursen sørover for å levere på Hareid.
– Kan ikkje seie oss nøgd
Målet om å fiske heile kvota på 1300 tonn på ein tur, blei med andre ord ikkje nådd. Skipperen seier at han også gjerne skulle sett at prisen var høgre.
– Vi kan ikkje seie oss nøgd med ein pris som ligg på kring halvparten av fjoråret, seier han.
Snittprisen hos Norges Sildesalgslag for lodde er på drygt sju kroner, men har eit etterslep på nokre dagar, og har gått noko ned sidan då.
Fleire årsaker til lågare pris
Ei vesentleg årsak til at prisen er lågare, er at det i fjor var lågare kvoter, som ga større etterspurnad. Ei anna årsak er storproduksjon av islendingane i fjor, som gjer at det er mykje rogn på lager, ifølgje Eivindsen
Likevel er det god stemning om bord før dei ut på ny loddetur.
– Vi går nordover igjen etter å ha lossa, og har igjen kring 470 tonn med lodde, fortel han.
Les også
– Mykje har klaffa
Tidlegare i vinter har Ålesund-båten vore fire turar på komulefiske – og skipperen summerer opp sesongen som «veldig bra» så langt.
– Mykje har klaffa. Det har vore ok ver på feltet og mykje godt fiske i år, legg Eivindsen til.
Etter loddefiske er over, skal båten til kai nokre veker, før det er klart for nordsjøsild i midten av mai. Strand Senior har større sildekvote i år enn i fjor, og kan fangste 1850 tonn.
Lokalt mannskap om bord
Hjørungavåg er som heimehamn å rekne for mannskapet som til saman teller 15 mann. Når dei fiskar med ringnot – som no – er det ti mann om bord på kvar tur. På tråling klarar dei seg med ein mann mindre.
Strand-reiarlaget har kvinnene, Janne G Strand Aasnæs og Elisabeth Strand, på eigarsida, men om bord på Strand Senior er det berre mannfolk, erkjenner Eivindsen.
– Alle kjem frå lokalmiljøet kring Ålesund, seier han.
Publisert: 12.03.2024 05:00
Sist oppdatert: 12.03.2024 10:58