Mørenett montør i arbeid foto Mørenett
NETT: Mørenett vurderer fusjon med Linja, tidlegare SFE Nett. Illustrasjonsfoto: Mørenett
Nytt

Linja og Mørenett vurderer fusjon

Bakgrunnen er store investeringar i straumnettet.

NPK
21.12.2021

Nettselskapa Linja og Mørenett vurderer fusjon i samband med elektrifisering og store investeringar i straumnettet.

– I Florø er etterspurnaden etter ekstra nettkapasitet no dobbelt så stor som dagens etterspurnad, seier Asgeir Aase, administrerande direktør i Linja AS, tidlegare SFE Nett til Firda.

Skal ikkje flytte arbeidsplassar
Aase nemner at geografisk nærleik og storleik på selskapa òg er nokre av grunnane til at Linja AS og Mørenett AS vurderer å slå seg saman.

– Det er ikkje aktuelt å flytte eller legge ned arbeidsplassar. Verda er digital og begge selskapa er vande med å drive på sjølv om folk sit på forskjellige stader, seier Aase.

Billegare i Linja-land
Den administrerande direktøren trekker òg fram moglegheita for lågare nettleige.

– Mørenett hat fleire kundar per meter nett, noko som gjer nettleiga lågare der. NVE seier på sine nettsider at når to selskap slår seg saman, skal dei på kort tid ha same nettleige i det nye, samanslåtte landskapet.

- Det vil seie billigare nettleige i Linja-land, forklarer Aase.

Publisert: 21.12.2021 13:00

Sist oppdatert: 21.12.2021 13:07

Mer om